nyhende
Halloween-vêret:
Kjølig knask eller knep for dei fleste
Det er meldt opphald mange stader på halloween-fredagen, likevel blir det låge temperaturar fleire plassar. Seinare i helga kjem restane av «Melissa» med regn.
– Det ser ut til at det er best forhold for å gå ut og samle inn snop nord for Stad og Dovre, seier vakthavande meteorolog Unni Nilssen til NTB.
Mange stadar i sør er det ikkje meldt nedbør før midnatt, men det vil komme ein del nedbør natt til laurdag og på laurdag, opplyser ho.
– Sørlandet og Sørvestlandet vil få nedbør allereie tidleg fredag kveld, seier ho.
Der vil det også komme ein del vind, noko som gjer at det blir surt.
Halloween-vêrvinnaren
Nord i landet er det meldt mest opphald på fredag, men i Finnmark og i Troms er det meldt låge temperaturar.
Nordland, Trøndelag og Møre og Romsdal ser ut til å få finast vêr på fredag.
– Om du tenkjer på at dei plassane er godt på pluss-sida, og at det ikkje blir altfor mykje vind, forklarer Nilssen.
Dei same fylka ser til å komme best ut av dagane etter fredag òg.
Kle deg ut etter forholda
Spesielt for områda med mykje nedbør oppmodar Nilssen til å tilpasse kostyma etter forholda.
Det kan bli surt for mange sjølv om det ikkje er meldt regn, opplyser ho.
– Det er berre å kle seg godt, seier ho.
Den tropiske syklonen «Melissa» kjem
Den tropiske syklonen «Melissa», som no ligg over Mellom-Amerika, vil komme seg over Atlanterhavet til helga.
– Det blir berre restar som kjem inn til oss, seier Nilssen.
Syklonen har med seg mykje regn og høge temperaturar. Nokre stader kan temperaturen komme opp i 15 grader.
– Laurdag, søndag, måndag og tysdag kan det bli regn. Det blir veldig vått i dagane framover, seier ho.
Regnet vil for det meste komme langs kysten, men vil strekkje seg langt nordover.
– Frå Lista i Sør og opp til Norland i nord vil det komme regn, opplyser ho.
Sjølv om «Melissa» tek med seg varme, kan det komme snø på nokre fjelltoppar.
Sandhaug på Hardangervidda har fått litt snø allereie, og det er nok også desse områda som får snø i dagane framover.
– Eg ser ikkje vekk frå at vi kan få påfyll av snø i høgfjellet, seier ho.