nyhende

Politiet meldte tirsdag formiddag at en svart hest ble observert galloperende langs Tittelsnesvegen. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
Politiet meldte tirsdag formiddag at en svart hest ble observert galloperende langs Tittelsnesvegen.

Kjøkkenbrann i Førde

Onsdag vart nødetatane varsla om mogeleg brann i ein bustad i Førde. Ein person vart teken til behandling for å ha pusta inn røyk.

Publisert Sist oppdatert

— Klokka 17.55 onsdag vart det meldt via AMK om brann i ein einebustad. Det var mykje røyk, men varslar såg ikkje flammar i byrjinga, seier Håkon Tornes, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Brannen skal ha oppstått på kjøkkenet i ein familiebustad i Førde. Heldigvis var det berre ein mann i 40åra heime då det hendte.

— Ein kan mistenka at det handlar om ein tørrkoking, men det er ikkje heilt avklart. Det har vore høg varme og har nok vore nokre flammar oppi vifta, seier Tornes.

Mannen fekk tilsyn av medisinsk personale.

— Han var teken til behandling for å ha pusta inn litt røyk. Det er ingenting som tyder på alvorleg personskade, seier Tornes.

Powered by Labrador CMS