nyhende
Kjevledans hos bestemor
Emil og Sofie Ferstad Knutsen (7 1/2) sit klar ved kjøkkenbordet til bestemor, det er tida for å baka julekaker.
Tvillingane Emil og Sofie har på seg forkle og mange ulike kakeformer framfor seg. Heime på Skeisvoll i Haugesund har dei alt laga peparkaker, men det er spesielt stas å baka saman med bestemor som bur på Bua.
I adventstida prioriterer alltid Bertha Ferstad ei kjekk bakestund med dei to barnebarna sine.
– Baking er ein fin måte å la borna ta del i juleførebuingane, seier Bertha som har deigen klar når borna kjem frå skulen.
Kakefigurar
Ho assisterer når deigen skal kjevlast ut, deretter gjenstår det som Emil og Sofie synes er det kjekkaste – trykka ut figurar med ulike kakeformer.
Blant formene er det ein elg, og det er så visst ikkje feil, når den verkelege elgen viste seg i nabobygda for ikkje så mange år sidan. Om han kjem tilbake er uvisst, men ein ting er sikkert, og det er at i desember finst både elg og harepusar på kakefata hos denne familien.
Rampenissen
Emil og Sofie har store forventningar til jula. Mens dei ventar opnar dei luke for luke i adventskalenderen, dessutan følgjer dei spent med på kva rampenissen som har flytta inn i huset deira, føretek seg.
– Ein morgon fekk me godterispeilegg til frukost. Ein annan gong hadde rampenissen laga sjokoladekake, men det var rundt ein svamp, kan dei to fortelja. Søskena går i andre klasse.
I fritida likar Sofie lå svinga drillstaven, Emil er fotballgutt. I helgene er dei mykje på hytta på Buaneset, og derifrå er vegen kort til besteforeldre-huset.