nyhende

Bønder opplever seg som kasteballar i eit politisk spel:

– Kjenner oss lite verdsette

Timetalet per årsverk i landbruket blei redusert frå foreslåtte 1.845 til 1.750. Det var eit lite steg i rett retning, man langt frå nok, meiner leiar i Sveio Bondelag Steinar Vikse.

Publisert Sist oppdatert

– Av dei tre hovudkrava våre til styresmaktene, var dette med timetalet per årsverk det minst viktige. Eg er svært skuffa over at Stortinget ikkje klarte å samla seg om eit fleirtalsvedak for å løfta opp norsk landbruk, seier Vikse.

Han er særleg skuffa over regjeringspartia, Aller mest over Senterpartiet. Av alle synest han dette partiet skulle ha tatt mattryggleiken meir på alvor.

– Eg trur dei fleste av oss bønder kjenner oss svært lite verdsette i dag, seier han.

Jordbruksforhandlingar

No set han si lit til jordbruksforhandlingane. Neste torsdag skal bøndene levera sine krav. Ei veke seinaare kjem staten med sitt tilbod.

– Då får me sjå om alt håp er ute, eller om dei har noko meir å tilby oss då.

Korkje Vikse eller andre sveiobønder deltok i demonstrasjonen utanfor Stortinget onsdag og torsdag.

– Det var eit uheldig tidspunkt, midt under lamminga og våronna og like før jordbruksforhandlingane. Kanskje var tidspunktert for stortingsbehandlinga til og med valt bevisst nettopp av den grunn, tenkjer bondelagsleiaren i Sveio.

-Kasteball i politisk spel

Leiaren i Vestland Bondelag, Gry Ingvild Agjeld, er like skuffa som Vikse.

– Eg er oppgitt på vegne av alle oss som produserer maten. Eg er oppgitt på vegne av forbrukaren som verkeleg ynskjer norsk mat på bordet og i kjøleskåpet. Me er nok fleire som kjenner oss som kasteballar i eit politisk spel. Eg både håpa og forventa at Stortinget skulle slutta seg til ein offensiv opptrappingsplan for norske bønder. Ein plan som skulle bidra til målet om auka sjølvforsyning, seier Agjeld i ei pressemelding som Vestland Bondelag har sendt ut.

Agjeld rosar samstundes alle bønder som viste engasjement blant anna i samband med demonstrasjonen i Oslo.

Powered by Labrador CMS