nyhende

Reagerer kraftig på innføring av leige på lagring av overskotsstraum frå solceller:

– Kjenner meg lurt av Haugaland Kraft

Til no har kundar med solcelleanlegg og solkraft straumavtale fått lagra overskotsstraum gratis i Haugaland Kraft sitt skybatteri. Frå 20. september må dei fleste betala inntil 2.499 kroner i månaden for dette lagringsalternativet.

Publisert Sist oppdatert

Informasjonen om endra vilkår som overraskande på mange. Det var Haugesunds Avis som først skreiv om vilkårsendringane til Haugaland Kraft.

– Dette betyr vel spiker i kista for solceller, seier Torkel Hamre i Sveio sentrum.

– Hadde aldri investert

Han kjenner seg lurt av Haugaland Kraft. Hamre og kona installerte solcelleanlegg då dei bygde seg nytt hus i 2018. Då Vestavind intervjua han i februar i år om erfaringane i med solkraft, var han svært positiv, ikkje minst på grunn av tilbodet om å lagra overskotsstraum og ta ut denne igjen på tidspunkt når straumprisen er høg.

Hamre fortalte at anlegget kosta 195.000 kroner. Først då straumprisen auka kraftig i 2022, opplevde dei å få skikkeleg avkasting av denne investeringa.

No er han ikkje lenger sikker på om dei nokon gong vil tena inn igjen det dei har lagt ut på solcelleanlegget.

– Eg hadde aldri investert i solcelleanlegg om eg hadde visst at Haugaland Kraft ville ta seg så godt betalt for straumlagring, seier han.

Gradert prisliste

Hamre er blant dei som må betala mest for lagring av overskotsstrum. I fjor haust hadde han lagra 11.000 kilowattimar (kWh) i skybatteriet. Om han har like mykje på lager 20. september i år, vil han få ei månadsleige på 2.499 kroner.

Prislista ligg ute på Haugaland Kraft si nettside og ser slik ut:

Langring av inntil 500 kWh vil framleis vera gratis. Vidare er lista gradert slik:

  • 501-2.000 kWh 39 kr/månad
  • 2.001-3.500 kWh 399 kr/månad
  • 3.501-5.000 kWh 499 kr/månad
  • 5.001-7.500 kWh 1.199 kr/månad
  • 7.501-10.000 kWh 1.699 kr/månad
  • Over 10.000 kWh 2.499 kr/månad

Om Hamre og andre vil redusera leigeprisen, kan dei for eksempel selja ein del av den krafta dei har på lager, men då til ein lågare pris enn det straumprisen venteleg vil liggja på i vinter. Hamre seier han vil ta kontakt med Haugaland Kraft for å finna ut kva andre tiltak han kan setja inn for å redusera tapet som nyordninga vil påføra han.

Kostbart for kraftselskapet

Med tilvising til prislista seier Julianne Mossing, som er senior kommunikasjonsrådgjevar i Haugaland Kraft, at dei fleste kundane vil sleppa å betala i det heile, eller få ei månadsleige på opp til 399 kroner. I ein e-post til Vestavind forklarar Mossing kvifor Haugaland Kraft har sett seg nøydd til å innføra leige på lagringsplass.

– Bakgrunnen for pris- og vilkårsendringane er høge spotprisar og at nokre av våre kundar har svært høge lagringsnivå.  Me ynskjer å halda fram med Skybatteri-tilbodet for våre kundar, men gratis lagring av ein stor mengde straum inneber ein stor finansiell risiko for oss. I mai fekk me ein stor tilstrøyming av kundar som auka tapet og risikoen. Me var derfor nøydde til å innføra ein trinnmodell for betaling.

Framleis attraktivt

Mossing legg til at lagring i Skybatteri framleis vil vera eit attraktivt tilbod for dei aller fleste av selskapet sine kundar

– Har du forståing for at ein del kundar kan føla seg lurte?

– Haugaland Kraft har tilbydd gratis skylagring sidan 2019. I vilkåra i dag er det tatt atterhald om at det kan koma kostnadar i framtida. Haugaland Kraft tener ikkje pengar på Skybatteri, men me reduserer no tap og risiko for å kunna halda fram med Skybatteri. For dei fleste av våre kundar vil dette framleis vera ei god teneste.

Powered by Labrador CMS