nyhende
Kjendisar florerer på vallistene i landet
Komikarar, forfattarar, ein skodespelar og ein eks-fotballspelar. Kjende namn figurerer på stemmesetlar landet over.
Dei fleste med kjendisstatus som stiller til val til Stortinget i hausten er – naturlegvis – politikarar og er først og fremst kjende som det. Namn som Emilie Enger Mehl (Sp) og Abid Raja (V) har også delteke i folkekjære realityprogram.
Det er likevel ikkje desse saka skal handle om. Det er heller namn som Erlend Hanstveit (Ap) – mangeårig forsvarskjempe med 316 kampar for Brann og profferfaring frå Belgia og Sverige. Han har dei siste to åra vore statssekretær for kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap), og står på tolvte plass på Arbeidarpartiets liste i Hordaland.
Forfattarar
I Hordaland stiller også den kjende forfattaren Øyvind Strømmen, som har skrive ei rekke bøker om ekstremisme. Parallelt har han vore lokalpolitikar for MDG i mange år, og er i år på 21. plass på lista.
Ein annan forfattar som engasjerer seg politisk er Hans Olav Lahlum, som ved sida av ein stor bokproduksjon og rolla som sjakkekspert også finn tid til å vere aktiv i SV. I Oppland står han på andreplass for partiet.
Komikarar
Det er klart flest «kjendiskandidatar» i Oslo, mykje takka vere Einsemdspartiet. Partiet vart stifta av komikaren Else Kåss Furuseth, som toppar lista. Ho har med seg søster Cecilie Ramona Kåss Furuseth (2.), komikarkollegaene Lars Berrum (6.) og Morten Ramm (12.), og dessutan TV-programleiar Ingrid Gjessing Linhave (9.). Også NRK P3-programleiar Oskar Fjørtoft Sandanger og kjendistrenar Lamin Frank Coker står på lista.
For partiet Fred og rettferd (FOR) stiller skodespelaren Nils Ole Oftebro på 3. plass i Oslo. Han er kjend for ei rekke filmar, TV-framføringar og stemmeroller gjennom fleire tiår.
Abortmotstandar
Den nye lista Redd Ullevål sjukehus får også med seg to kjende namn: Randi Rosenqvist, mangeårig rettspsykiater som hadde ansvaret for å følgje Anders Behring Breivik i fengsel gjennom eit tiår, og eks-Ap-politikaren Jan Bøhler.
Den mangeårige og velkjende abortmotstandaren Ludvig Nessa stiller på si side til val på 11. plass for partiet Konservativt i Hedmark. I Østfold er Per Sandbergs ekssambuar og realitykjendis Bahareh Letnes på 9. plass for Venstre, ei liste som elles blir toppa av næringslivsleiar og tidlegare Venstre-nestleiar Olaf Thommessen.