nyhende

– Tilstanden på fylkesvegane i Sveio er som i resten av Vestlandet, av høgst varierande standard og kvalitet, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).
– Tilstanden på fylkesvegane i Sveio er som i resten av Vestlandet, av høgst varierande standard og kvalitet, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Kjem til Sveio på laurdag

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) har lova å køyra ein runde i Sveio for å sjå dei dårlege vegane etter invitasjon frå Jarle Jacobsen (KrF). No har dei funne ein dato. Laurdag vert det «road trip».

Publisert Sist oppdatert

Jarle Jacobsen (KrF) hadde sett seg lei av å køyra på dårlege vegar og tok tastaturet fatt. Ikkje berre som lokalpolitikar, men også som motorsykkelentusiast og auklandsbu.

Eit lesarinnlegg med invitasjon til fylkesordførar Jon Askeland (Sp) seinare, og no er planen klar.
Fylkesordføraren kjem til Sveio, og laurdag skal dei køyra rundt i mykje av kommunen.

Jacobsen fortel til Vestavind at det vert lagt opp til matpause etter ein times køyring. På menyen vil truleg det også vera samtale om vegstandarden.

Fleire har snakka om å hiva seg på, mellom anna ein annan lokalpolitikar.

– Eg lurar på om eg skal vera med på scooteren min, seier Asle Georg Halleraker frå Tverrpolitisk Fellesliste.

Ruta byrjar frå Sveio sentrum, før den tek vegen rundt på dei fylkesvegane som Jacobsen meiner treng mest utbetring.

Powered by Labrador CMS