nyhende

Kjem til ny skule

Når lærarar og elevar kjem tilbake på Sveio skule neste veke, kjem dei til ein heilt ny skule i den gamle skulen. Truleg også den einaste skulen i Noreg med eigen utgang frå alle klasserom.

Publisert Sist oppdatert

Første del av Sveio skule sto klar i 1973. I dag, nesten 50 år seinare, er skulen utvida og oppgradert til ein av dei flottaste skulane på Haugalandet. Det har kosta vel 10 millionar meir enn budsjettert, og prislappen enda til slutt på 100 millionar kroner.

Over fem millionar kroner har dei gamle kloakkrøyra skulda for. Heldigvis blei det oppdaga at røyrsystemet var nær ved å bryta saman før del to av oppgraderinga vart sett i gong for alvor. Det hadde kosta mykje meir om kloakken hadde kollapsa og overfløymd ferdig bygde lokale.

Har plass til 600 elevar

Sveio skule er eigentleg eit skuletun. Vigdartun, nye Storatun på rundt 1.800 kvadratmeter, som stod ferdig i fjor, Langetun som no er blitt heilt ny innvendig, Trodlatun og svømmehallen. Skulen har per i dag rundt 500 elevar frå 1. til 10. klasse, men har etter opprustinga plass til 600 elevar og rundt 100 tilsette.

– Etter utbygginga som er gjort dei siste to åra, har me har fått ein skule for framtida med god kapasitet. Alt er bygd etter dei siste standardane for både skulebygg, arbeidsmiljø, helse og tryggleik, fortel ein stolt skulesjef i Sveio kommune, Solfrid Lier Habbestad.

Ho og rektor Ben Jerry Ellingsen har teke pause i ferien for å gje Vestavind ein snikkikk på kva som ventar elevar og tilsette neste veke. Det står enno att ein del på på siste finpuss, men nye Langetun er likevel imponerande.

Har vore involvert heile vegen

– Frederik Flood har vore byggeleiar for kommunen, men eg har vore med på dei aller fleste byggemøta. Det har vore nyttig for alle partar, og både arkitekten og Engelsen Bygg har vore svært lydhøyre for forslaga me har kome med for å få ein best mogeleg fungerande skule. Faglærarane har også vore involverte i spesialromma, fortel rektor.

Fargekodar pregar også dørene. Dører inn til klasserom og grupperom er raude, garderobar og toalett er blå, og vaksenrom og lager har grå dører.

På rundturen både ser og høyrer me at her er det verkeleg tenkt på alt. Frå stolar som ein er nøydd til å sitja rett i, fargar i klasserom og grupperom som gjev best mogeleg læring, fargekodar på alle dører, gode fellesareal både inne og ute, stadnamn frå heile Sveio på dørene, og dører direkte ut frå klasseromma. For å nemna noko.

Rømingsvegar frå klasseromma

– Sveio skule er ein av få skular i Noreg som har eigen utgang i nesten alle klasseromma, noko som er ei styrke med tanke på koronasituasjonen, seier Ellingsen.

Eit topp moderne callingsystem bidreg også til tryggleiken. Ein kan varsla administrasjonen direkte, og ein kan kommunisera ut til alle over heile det store skuleområdet. Anten ein treng assistanse i eit klasserom eller må gjera alle merksam på ein naudsituasjon.

For å kunna gå tørrskodd mellom skulebygga, skal det vera tak frå Langetun til Vigdartun. Over vegen inn til idrettsanlegget blir taket heva slik at høge bilar som brannbilar kan passera.

Alt inne i Langetun er nytt, og gamle rom har fått nye funksjonar, som scenerom og kiosk. Mat- og helserommet er ombygd og framstår som nytt. Det einaste som er igjen frå 1973, finn ein i sløydrommet.

– Her er golvet originalt og skal slipast. Og me har teke vare på skapa. Sløydrommet har alltid hatt dårleg inneklima. Der har me gjort dei store endringane. Mellom anna med eige ventilasjonsanlegg, sentralstøvsugar og eige rom til saging, fortel Ellingsen.

Midgardsormen

Til og med svømmehallen har dei tenkt framtidsretta om.

– Svømmehallen har fått ei oppussing, og samstundes har ein tilrettelagt for at den enkelt kan gjerast om til to store klasserom når det kjem ny svømmehall, seier Ellingsen.

For at ein skal kunna gå tørt mellom alle bygga, er det laga samanhengande tak frå Langetun til Vigdartun.

–  Med alle lysa i taket vil det bli som ein lang lysorm i mørket. Sidan alt anna har fått namn, kan me kanskje kalla taket Midgardsormen, seier ein smilande rektor før han lar ytterdøra gå i lås fram til måndag når lærarane kjem.

Powered by Labrador CMS