nyhende
— Kjem ikkje til å gi oss
I ettermiddag skal Sveio formannskap gi si tilråding for ny fylkesveg 541, frå Krossleite til Grimstveit. Fleire grunneigarar protesterer mot rådmannen sitt forslag til trasé.
Etableringa av ny fiskerihamn i Langevåg på Bømlo gjer ny fylkesveg mellom Krossleite og Grimstveit meir aktuell enn nokon gong. Det er venta at særleg nærings- og pendlartrafikken vil ta seg markant opp i åra som kjem.
Med nesten daglege nesten-ulykker på den smale strekninga langs Tjernagelvegen, som også er hovudferdselsåra mellom Sveio sentrum og Buavåg, er det mange som håpar at ho snart blir rusta opp.
Dei fleste er difor samde om at ny veg frå Buavåg til Krossleite må på plass, og det så raskt som mogeleg. Det er Vestland fylke som i utgangspunktet skal betale for ny veg. Men kommunen er planstyresmakt. Dermed er det Sveio kommunestyre som avgjer kor den om lag fire kilometer lange traséen, frå der den allereie ferdige nyvgen frå Buavåg til Grimstveit sluttar, og vidare austover mot Krossleite skal gå.
Deler opp seks gardsbruk
Saka var oppe i siste møte i utval for teknisk/næring (HTN). Der gjekk politikarane inn for rådmannen sitt forslag om trasé.
Forslaget vil dele opp seks aktive gardsbruk, og også kverrsetje ein del dyrka mark. I tillegg vil traséen gå tett inntil bustader som i dag ligg godt skjerma frå trafikken. Mellom anna på Åse, der Anna Fresvig bur. Ho fortvilar over rådmannen sitt forslag. I dag bur ho om lag 100 meter frå eksisterande veg. Ei av døtrene hennar har allereie bygd hus på garden, noko ho ifølgje Åse gjorde fordi han ligg landleg til og dermed er ideell til å fostre opp barn på.
—Dei andre døtrene mine har også lyst til å etablere seg i Sveio, og heime på Åse, seier ho.
Men med ein ny veg med 80-sone få titals meter frå husveggen forsvinn heile poenget med å etablere seg der.
Ho får støtte frå naboen Ole Andreas Våge.
— Eg bur ved vegen i dag, har rekna med at vegen måtte utbetrast på eit tidspunkt, og er innstilt på det. Men eg synest oppriktig synd på dei som har etablert seg landleg av ein grunn, og som no risikerer å få nyvegen kloss inntil seg, seier han.
Også på Færås vil rådmannen sitt traséforslag leggje seg tett inntil bustader.
Får farleg arbeidsplass
Gunnar Osmundsen driv gardsbruk på Nordskog. Der vil rådmannen sitt forslag til trasé syte for at garden hans blir delt i tre. Den er i dag delt éin gong, av eksisterande trasé.
— Ifølgje forslaget rådmannen, som HTN alt har gått inn for, må eg i sesong ta fleire titals turar med traktoren min over vegen dagleg i sesong, for å få drifte garden på same måte som i dag, seier han.
Svigersonen til Osmundsen, Toralf Loe, som etter planen skal ta over garden, ristar også på hovudet. Han peikar på at det også vil gå ein god del dyrka mark vekk.
Aller er samde om at ny veg må kome, men at han bør følgje dagens trasé.
— Då vil jo kommunen også få ny gang- og sykkelveg, gratis. Og ikkje risikere å måtte ta over vedlikehald, utbetring og brøyting av dagens veg, seier dei.
Dei meiner kommunen er i ferd med å forhaste seg, og dei sit med ei oppfatning av at saka er forsøkt tagd ihel. Dei har rett nok vore med på folkemøte og informasjonsmøte om saka. Men dei fortel at det berre var eit tilfeldig tips som sytte for at dei var klare over at saka skulle opp til første politiske handsaming, i utval for teknisk/næring, 7. mars
— Me som reiste til møtet for å høyre på debatten, sat att med eit inntrykk av at dei fleste politikarane var heilt ubudde, og at det berre var eit par medlemer av utvalet som skjøna kva saka handla om, seier Ola Andreas Våge og Gunnar Osmundsen.
Dei oppmodar no politikarane sterkt om å gå for dagens trasé. Osmundsen og Våge seier at dei gledeleg stiller grunn til disposisjon for å utbetre dagens trasé. I motsett fall må fylket gå den lengste vegen.
— Me sel ikkje ein meter frivillig. Då må fylket i så fall ekspropriere alt, seier Våge og Osmundsen.
— Ei samla vurdering
Kommunalsjef for utvikling i Sveio kommune, Kenneth Tollefsen, seier til Vestavind at det er ulemper og fordelar bak alle traséforslag som er vurderte, og at det er ei samla vurdering som ligg bak rådmannen sitt forslag om tilrådd trasé.
— Det handlar mellom anna om å koma seg fram, trafikktryggleik, landskapsbilete, naturmangfald, kulturarv, friluftsliv, naturressursar og økonomisk kostnad, og vi meiner at traséen som er vald, er den som gir færrast ulemper totalt sett, seier han.
Tollefsen stadfestar at eksisterande veg er føreslått å fungere som gang- og sykkelveg på delar av strekninga.
Han legg til at det den planlagde vegen er særs viktig for Sveio.
— Vegen vil binde vestre delen av Sveio med sentrum og det overordna fylkes- og europavegnettet betre saman, seier han.
Sveio kommune har prioritert vegen i samband med innspel til ny regional transportplan i haust og vil også prioritere denne i høyringsfråsegn til økonomisk handlingsprogram og investeringsprogram, som er ute på høyring no, opplyser han.
I kva grad ny fylkesveg 541 i Sveio blir prioritert av fylket i næraste framtid, står att å sjå, men kommunalsjefen reknar med at den nemnde fiskerihamna på Bømlo, og trafikkauken knytt til denne, vil vere eit argument som veg tungt når fylkespolitikarane skal prioritere vegmidlar.
Kommunestyret tar endeleg stilling til trase i sitt møte 4. april.