nyhende

Kjell (54) er med i ny NRK-serie

Stolthet og Forfall er tittelen på serien som skal på lufta i januar. Kvardagsmenneska blir løfta opp med mykje humor og kjærleik, og i ei av rollene treff me utflytta sveibu Kjell Strand.

Publisert Sist oppdatert

Kjell Strand, eller Kjell Magne som mange hugsar han som på våre trakter, er fødd og oppvaksen i Sveio. I barne- og ungdomsåra gjekk han på Sveio skule, sparka fotball for Sveio IL og gjekk på teater i Førde.

Etter gymnaset bar det ut på eigne vengjer. Han har ikkje sett seg tilbake til heimbygda, og heller ikkje oppsøkt verken fotball- eller skodespelarkarriere.

– Eg har vore ein «rekande fant», og har vore innom Valdres, Oslo, Nord Norge, Sauda og Haugesund, fortel han.

Busett i Stavanger

Dei siste 27 åra har han budd i Stavanger. Han har bakgrunn frå politiet, og driv no eige føretak der han tar med seg turistar på tur i Stavanger-regionen, og ei deltidsstilling innan sikkerheitsspsykiatri.

Med karriera kort oppsummert, veit han ikkje heilt korleis han havna oppi denne serien. I heimbyen er han kjend med mange personar, og synleg både gjennom firmaet han driv og andre samanhengar. Det starta med ei oppringing.

– Eg fekk ein telefon om eg var interessert i å komma på audition i Stavanger. Eg sa ja, mest for moro skyld. Etter at eg var i Oslo på femte eller sjette audition, fekk eg svar på at eg fekk rolla, seier den blide 54-åringen, som også har vore statist i filmen Lykkeland.

Store delar av seinsommaren og tidleg haust 2019 gjekk med til Oslo-turar for å jobba med innspeling og det som høyrer med. Resultatet har blitt til åtte episodar på 30 minutt.

Omgangsvener

Stolthet og Forfall er ein humoristisk dramaserie, der me går inn i sjukepleiaren Merethe (Ingunn Beate Strige Øyen) sitt liv, like etter at yngstedottera har flytta heimefrå, og ei ny livsfase startar. Sjåarane blir kjende med Merethe sine venninnner, kollegaer på sjukehuset og ektemannen Sigurd (Egil Bjørøen). Situasjonen er lagt til Vestlandet.

Kor langt er menneske villige til å gå, for å kjenna seg elska og for å ikkje tapa ansikt? Veldig langt i Merethe sitt tilfelle – noko som ofte fører til kaos. Bestekompisen til Sigurd heiter Gunnar (Kjell Strand). Gunnar er gift med Olaug (Kristin Svendsen), ho er hovudkarakteren Merethe si bestevenninne. Gunnar og Sigurd er også bestekompisar.

Forventar to flaue 18-åringar

Karakteren til Strand har vore gift i mange år, og på grunn av slitasje, usikkerheit og avstand i forholdet, har han klart å rota det til mellom seg og Olaug. Gunnar sine dagar handlar mykje om å vinna tilbake Olaug.

Gravemaskinsseljar Gunnar (Kjell Strand) frå NRK-serien Stolthet og Forfall tar seg ein røyk i bilen. – Eg trur Gunnar er ein karakter folk kjem til å bli glad i, seier regissør Liv Karin Dahlstrøm.

– Eg kan ikkje seia så mykje sjølve handlinga, og heller ikkje så mykje om Gunnar. Men han driv eit svært firma som sel gravemaskinar på Jæren, røper Strand.

Han er spent på mottakinga, og er sikker på at han kjem til å gjera dei to sønene på 18 år passeleg flaue når ei viss songscene blir vist.

– At han far syng på TV vil nok vera småkleint – eg som eigentleg ikkje kan syngja, sjølv om eg har ei fortid i Sveio Ten-sing. Eg trur dei vil plassera kroppane sine under bordet då, ler Strand, som trur at resten av familien også er spente

– Heile familien bur i Sveio, fortel Strand, og nemner både mamma Liv Marit, søstrene Inger Bente og Rakel – og onkelungen Bendik.

21 innspelingsdagar

Å få vera med på ein så stor produksjon har vore spennande for siddisen, som har bevart mykje av Sveio-dialekta si. Det har blitt 21 innspelingsdagar, frå morgon til sein ettermiddag. Den totale perioden har vore tre månadar – med kostymeprøvar, lesedagar, ventedagar – og etterarbeid.

– Me fekk jaggu brynt oss på å utfordra kjensler og vera til stades i handlingane, oppsummerer Strand.

Akkurat det har imponert regissør Liv Karin Dahlstrøm.

Truverdig og ekte

– Kjell kom svært open og tillitsfull i møte med meg på prøvefilminga. Han var seg sjølv, og lot meg grave inn i kven han var. Det er eg enormt takksam for, både når det gjeld han, og dei andre aktørane, seier Dahlstrøm.

Ingen av skodespelarane har erfaring frå før, og alle har brukt av eigen person og kjensler i karakterane.

– Dette har gjort at me saman har utvikla fiksjons-karakterar som er truverdige og ekte menneske. Kjell har gjort ein flott jobb med å hjelpa meg å formidla Gunnar si historie. Eg trur Gunnar er ein karakter folk kjem til å bli glade i, seier Dahlstrøm, som også trur at sjåarane vil kjenna igjen både seg sjølv, og menneske rundt seg i serien.

Å vera del av ein NRK-produksjon har gitt meirsmak for Kjell Strand, som er oppvaksen i Sveio. Kanskje me får sjå han i ei anna rolle i framtida?
Powered by Labrador CMS