nyhende

Prisane står stille eller fell på ei rekke varer hos Rema 1000 og Coop Extra.

Kjedene startar året med priskutt

Alle dei tre lågpriskjedene startar året med priskampanjar. – Ein gåvepakke til oss forbrukarar, seier daglegvareekspert Odd Gisholt.

Publisert Sist oppdatert

Daglegvarekjedene startar året på ein sjarmoffensiv. For Extras del dreier det seg i gjennomsnitt om eit priskutt på 7,5 prosent for 150 såkalla kvardagsvarer frå olje og pasta til grønsaker og syltetøy.

– Det store priskuttet omfattar kvardagsvarer frå våre eigne merke som Änglamark og Xtra, og dessutan frå leverandørar som Toro, Nora, Farris, Lano, Santa Maria, Findus, Maarud og mange fleire. I tillegg til priskutta kjem dei ordinære tilboda og kampanjane våre. Dette vil gjere januarhandelen billigare for alle kundane våre, seier kjededirektør Håvard Jensen i ei pressemelding.

Rema 1000 lova allereie på nyttårsdagen prisfrys på over 1000 varer. Kampanjen varer over påske, og gjeld varer i ei rekke kategoriar.

– Ein gåvepakke

Kommunikasjonsdirektør Kristine Arvin i Kiwi seier kjeda har starta året med å presse prisane på ei rekke varer. Nokre varer har fått prisane kutta med over 20 prosent hos Norgesgruppens lågpriskjede, i tillegg til andre tiltak som det såkalla prislås-konseptet.

– I tillegg til sjølv å presse prisane, sjekkar vi kvar dag prisane hos dei to andre lågpriskjedene. Når dei har ein kampanje, set vi ned prisane tilsvarande eller meir på samanliknbare varer i same periode, seier ho til NTB.

Daglegvareekspert Odd Gisholt kallar priskampanjane «ein gåvepakke» og meiner det er eit teikn på at næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) kan slappe av og ikkje treng blande seg i daglegvarehandelen.

– Marknaden ordnar seg sjølv, ministeren treng ikkje blande seg. Det heile byrja jo i fjor, då Kiwi gjekk imot den venta prisauken 1. februar. Då måtte dei to andre følgje på dette. Marginane har gått ned i daglegvarebransjen, og det er eit veldig press på prisane, seier han til NTB.

Vil ikkje føre til store endringar i forbruket

Gisholt peikar på at Rema frys prisane på heile 1000 varer.

– I alle kjedene er det jo 5–6.000 artiklar i hyllene. VGs matbørs kontrollerer kanskje 100, og då har dei fritt spelerom til å auke prisane på resten. Men med Remas prisfrys byrjar det å bli ganske mange varer.

Samtidig trur han ikkje nødvendigvis det vil føre til store endringar i forbruksmønstera, ettersom matbørsar pleier å vise at det er små forskjellar mellom kjedene.

– Det blir spennande å sjå om forbrukarane kjem til å få klart for seg at det er billigare éin stad enn dei andre. Dei ligg jo stort sett på kvart gatehjørne alle saman. Alle senkar prisane, det er litt uoversiktleg, så då gjeld det jo at kundane følgjer med i timen.

Ved sida av pris speler utval ei viss rolle, ettersom alle kjedene har sine eigne merkevarer som dei kan presse prisane på. Gisholt meiner særleg Kiwi har vore dyktige til dette. Så kjem plassering med i biletet.

Mega og Meny i press

– På Austlandet har Rema vore litt på vikande front, dei har ikkje nok gode plasseringar. Extra og Kiwi har begge vore flinke, Coop har omprofilert gamle samvirkelag og andre butikkar til Extra.

Han peikar på at det er 500–700 butikkar frå kvar av dei tre lågpriskjedene rundt om i landet. Når talet er så høgt, er plasseringa sentral.

Imens er dei to supermarknadkjedene Coop Mega og Meny under det daglegvareeksperten kallar eit veldig press.

– Dei køyrer tilbod med 10- og 20-kronersmarknad nesten kvar månad, Meny køyrer på med 500 billigartiklar òg. Men 70 prosent handlar jo i lågpris no.

Powered by Labrador CMS