nyhende

Kiwi med eggstra nyhendesending

Me handlar meir egg enn vanleg til påske, og i går vart det tomt i hyllene til Kiwi Sveio. Det resulterte i ein eggande artig plakat.

Publisert Sist oppdatert

Vestavind har fått tilsendt bilete av plakaten frå fotograf Alfred Aase. Han er mangeårig hytteeigar ved Ålfjorden, og handllar lokalt når dei er på hytta.

Aase, og sikkert fleire, tok tomme egghyller frå 12.00-tida i går med godt humør. Ikkje minst takk vera ein humoristisk plakat.

Likar ordspel

Vestavind forstyrrer butikksjef Stig Runar Tveit i påskeferien for å høyra kven som er plakatforfattar.

— Det er eg som har skrive plakaten. Det gjeld å vera der i nuet. Eg likar ordspel, og me i butikken likar å gjera litt sprell ved ulike høve, seier Tveit.

— På plakaten står det at det er usikker når dykk får ny forsyning?

Sjølvforsynt butikksjef

— Det er manko på egg i heile landet, så dei blir posjonert ut til butikkane. Me fekk litt i går kveld, og ser ut til å få litt laurdag.

— Gjekk du også tom for egg til påska?

— Nei, eg har høner, så eg er sjølvforsynt, humrar Tveit.

Vil du finna ut litt meir om lokal eggproduksjon, anbefaler me denne:

Powered by Labrador CMS