nyhende

Det vert ingen Kiwi Cup i år. Her eit bilete frå cupen i 2010, då med 450 fotballspelarar, 61 lag og 180 kampar.
Det vert ingen Kiwi Cup i år. Her eit bilete frå cupen i 2010, då med 450 fotballspelarar, 61 lag og 180 kampar.

Kiwi Cup er avlyst

Fotballturneringa som skulle arrangerast helga 10.-11. september vart torsdag avlyst av Sveio IL.Årsaka er få påmeldte lag til cupen, med berre tre andre fotballklubber utanom Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Kiwi Cup vart torsdag avlyst av Sveio idrettslag. Det seier leiar i fotballgruppa i Sveio IL, Ine Salte Andersen, til Vestavind.

— Vi hadde gleda oss mykje, alle i komiteen har jobbet med dette sidan våren, fortel Andersen.

Gjorde eit siste forsøk

Forrige styremøte gjekk til å forsøke å redde turneringa. Då fordelte styremedlemmene fotballklubber seg i mellom og ringde rundt, dessverre utan hell.

Andersen trur det kan skuldast fleire årsaker at påmeldinga er så låg, og at Kiwi cup ikkje er åleine om utfordringa.

— Det er fleire arrangement som slit med påmelding. Etter pandemien er det mange fotballcuper, og dei skjer gjerne rundt same tid. Då blir alle litt spreidd ut, seier ho.

Vil merkast økonomisk

Leiaren legg ikkje skjul på at det vil råka Sveio IL økonomisk.

— Dette er eit viktig arrangement for oss, med inntekter frå sponsorar, medlemskontingenter og sal frå bodar. Vi kjem til å merke det økonomisk i fotballgruppa, seier ho.

Men, Andersen understreker at det ikkje er slutten på Kiwi Cup.

— Vi vil prøve igjen til neste år, og truleg helde cupen i mai i staden for, slik det har vore tidlegare år.

Powered by Labrador CMS