nyhende

Ingrid Kindlihagen.
Ingrid Kindlihagen.

Kindlihagen klatra seg til to gull

Haugaland Klatrelag gjorde det godt i Nordisk Mesterskap i ledklatring i helga. Dei stilte med tre utøvarar på Lillehammer, blant dei Sveio-jenta Ingrid Kindlihagen.

Hannah Hafthorsen Skjold stilte i jenter ungdom A (16-17 år) og Ingrid Kindlihagen og Ørjan Rødland Vaage stilte i både junior og senior, høvesvis damer og herrar.

Ingrid klatra svært solid heile helga og leia både junior- og seniorklassen etter kvalifiseringa laurdag, blir det oppsummert i ei pressemelding.

Ho fekk med seg to gullmedaljar som Nordisk Mester både i junior og senior! Ørjan leia juniorklassa og låg på andreplass i seniorklassa etter kvalifiseringa. I finalen, vart det ein miss litt for tidleg på ruta og han enda med sølv i juniorklassen og 6 plass i senior. Hannah gjorde ein sterk konkurranse og kom på 15. plass litt utanfor finaleplass med små marginar.

Om to veker er det NM ledklatring i Bergen og HKL stiller med ein fyldig tropp med mål om solide prestasjonar og gode opplevingar for utøvarane våre, opplyser klatrelaget.

Ingrid Kindlihagen.
Powered by Labrador CMS