nyhende
Katten Klaus gir «pleie» når barna er sjuke
Når barna i familien blir sjuke, trør sibirkatten Klaus til med pleie og omsorg – på sin måte. Matmor Caroline Lønning meiner katten har uvanlege evner til å oppfatta korleis menneska omkring han har det.
Har nokon av barna feber eller er pjuske på annan måte, er katten snar til å hoppa oppi senga til dei, leggja seg tett inntil som om han vil trøysta og gjerne slikka dei i ansiktet og på håret.
Det hender dei vaksne får same merksemda også. Lønning legg til at det ikkje er alltid katten sine uttrykk for omsorg blir sett like stor pris på, korkje av små eller store.
Allergivenleg
Caroline Lønning, som bur med familien sin i Sveiåsen, er ein utprega katteven. Ho har hatt ei rekke ulike kattar. Dei siste åra har dei vore av rasen sibirkatt fordi dette er ein allergivenleg rase. Mannen hennar er nemleg i utgangspunktet allergisk mot kattar.
– Eg kan ikkje tenkja meg å vera utan katt. Hadde det ikkje gått med den sibirske rasen måtte det blitt ein nakenkatt, seier Lønning.
Ho legg til at sibirkatten har fungert godt i forhold til allergiproblema.
– Typisk trekk
Klaus kjem frå Runhild Hjellebrekke på Stord, som har drive oppdrett av sibirkattar i 20 år. Ho seier det er eit typisk trekk ved denne rasen at dei er svært omsorgsfulle.
– Det varierer sjølvsagt frå individ til individ. Dessutan handlar det om kva eigenskapar den enkelte oppdrettar legg vekt på å avla fram og korleis kattane har det i familiane sine. Hos Caroline og familien har dei det bra, det veit eg, seier Hjellebrekke.
Nettopp fordi sibirkattane er så kjærlege og familievenlege, er rasen blitt svært populær, seier oppdrettaren på Stord.
Blei brukt på sirkus
– Eg var den sjette oppdrettaren som starta med denne rasen her i landet. I førstninga var det berre allergikarar som kjøpte sibirkatt. No er det fleire og fleire som har oppdaga dei gode eigenskapane og vel denne rasen uavhengig av om dei har allergiproblem eller ikkje.
Hjellebrekke legg til at sibirkattane tidlegare blei brukte som sirkuskattar. Dei er svært lærevillige og kan trenast opp til ulike former for akrobatikk, for tel ho.
Forskingsprosjekt
Elles er det kanskje ikkje så uventa at ulike dyreslag kan vera i stand til å tolka menneska sine kjensler. Nynorsk Pressekontor (NPK) omtalte nyleg eit ungarsk forskingsprosjekt som nettopp tok opp denne problemstillinga. Det handla rett nok ikkje om katt. I den ungarske studien testa forskarane korleis hundar og kjælegrisar frå heile verda reagerte på at eigaren deira enten gret eller nynna, skriv Forskning.no.
Ved å undersøkja videoar av dei ulike hendingane har forskarane sett på reaksjonane til dyra.
Ulike reaksjonar
– Hundane var veldig gode til å forstå kjenslene i lydane menneska lagde, seier Paula Pérez Fraga, ein av forskarane bak studien.
Hundane blei gjerne stressa av gråtelydane, men brydde seg lite om nynninga.
Grisane synest gråt var ubehageleg, men nynning endå meir.
– Det kan vera fordi grisane ikkje skjønar kva nynning vil seia, seier forskar Nataila Alberquerque til tidsskriftet Nature.
Ifølgje Alberquerque kan resultata frå prosjektet indikera at hundar er betre til å forstå menneska enn grisar, men at det òg er mogleg grisar berre har andre måtar å forstå oss på.