nyhende

Dagleg leiar Janne Larsen Sævareid har stort fokus på å unngå matsvinn på Larsen Bakeri i Skånevik. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn/Grannar
Dagleg leiar Janne Larsen Sævareid har stort fokus på å unngå matsvinn på Larsen Bakeri i Skånevik.

Kastar ingenting

Larsen Bakeri blir heidra på baksida av Q-mjølk-kartongane for sin innsats mot matsvinn. Hos bakeriet i Skånevik går ikkje eit einaste brød i bosset.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

— Dette er stor stas. Det er veldig kjekt å bli lagt merke til for jobben me gjer, seier dagleg leiar Janne Larsen Sævareid.

På sine vårkartongar har Q delt ut meir enn 30 Matredderprisar, der dei feirar aktørar som gjer ein forskjell og inspirerer andre. På kartongen skriv dei at Larsen Bakeri har blitt eit førebilete innan matsvinn, og at dei gjer brød til berekraft.

— Med kreative løysingar som sal av bakarvarer etter stengetid, sørgjer dei for at ingenting går til spille. På denne måten reddar dei tonnevis av mat kvart år – og motiverer andre til å tenkja nytt. Difor har dei fått Q Matredderprisen, skriv Q-Meieriene.

Leverer det som blir igjen

Larsen Sævareid rosar Q-Meieriene for å setja fokus på ei viktig sak som matsvinn. Ho synest at det blir kasta altfor mykje mat. Det kartlagde matsvinnet i Noreg utgjorde totalt 451.600 tonn i 2023, noko som tilsvarer 82,3 kilogram matsvinn per innbyggjar per år, ifølgje matvett.no.

I Skånevik lagar dei i snitt 200 brød på fredagen og 100–150 dagleg resten av veka. Alt som er igjen på slutten av dagen, blir kutta opp, fryst ned og sidan levert til Småfolk og Skånevik barnehage, Skånevik omsorgssenter og Skånevik Fjordhotell. Slik sørgjer dei for å ikkje kaste eit einaste av dei 800–1.000 brøda dei produserer gjennom veka. Larsen Sævareid takkar kommunen, Småfolk og hotellet for å vere med på brødavtalen dei har laga til.

— Utan eit så godt samarbeid hadde me ikkje klart å halde svinnet vårt så lågt, seier ho.

Forutan dette har dei småbrød som til dømes bollar og kaker, som kundane møter i disken. Det som ikkje blir selt i løpet av ein dag, blir sett i eit kjøleskap på utsida av butikken.

— Der kan ein kjøpe på Vipps heile døgnet, fortel den daglege leiaren.

Om det er noko igjen etter salet der, blir det gitt vidare til bønder, men det er det ikkje så mykje av.

Levande sentrum

Nyleg var det høgtid for Larsen Bakeri. Då Grannar tok turen til Skånevik påskeaftan, var det fullt både på inne- og utedelen av bakeriet. Bollane deira hausta uoppfordra ros både der og andre stader rundt omkring i sentrum. Den daglege leiaren fortel at dei auka omsetnaden i påsken med 22–23 prosent frå påskeferien året før.

— Det var heilt ekstremt, eg har ikkje vore borti liknande før, seier Larsen Sævareid.

Ho omtalar feriar som kjempeviktige for bakeriet, og at dei må trøkka til når det skjer noko. Også helgene gjennom året har blitt veldig bra for dei. Den daglege leiaren trur utebassenget Sjøkanten Trivsel, som opna i fjor, hjelper, og at eit levande sentrum med fleire trekkplaster er positivt.

Optimistisk for framtida

I tillegg til merksemd frå Q-Meieriene er Larsen Bakeri blitt nominert til prisen som Årets gründer i 2025, som blir delt ut på NæringsGIV på Olalia 22. mai. Den daglege leiaren seier at ho blei overraska, og gler seg over å bli anerkjent lokalt.

— At ei bedrift som er nesten 140 år gammal, blir betrakta i ei gründerkåring, er veldig kjekt, seier Larsen Sævareid.

Bakeriet blei etablert i 1888. I 2015 blei Larsen Sævareid femte generasjon som tok leiarskapet. Dei siste åra har dei sett ein god vekst. 4,39 millionar kroner i omsetnad i 2022 blei til 4,69 millionar i 2023 og 5,16 millionar i fjor.

Å nå fem millionar var eit mål lenge, og då dei klarte det, spretta dei champagnen. Samtidig har dei gjort investeringar for å kunne ta imot fleire gjestar. Til jul opna dei eit glasbygg, som gjorde at dei har dobla kapasiteten på sitjeplassar. Dei har òg fått ein utedel på baksida. Den daglege leiaren ser veldig positivt på framtida.

— Eg gler meg til fortsetjinga. Me må finne ut kva nye mål me skal setje oss, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS