Saka var på trykk for første gong i Vestavind 28. november 2019.
– Eg såg lyset på sjukehuset, men føler at Bakeriet i Sveio er mi fødestove. Her tusla eg ned om morgonen, her opplevde eg det megasterke lyset frå fleire Petromax-lamper, her lukta det godt, her var varmt og godt, og her stod far i kvite bakarklede og knadde det som skulle bli kaker og brød for sveibuen. Kvar morgon køyrde Tittelsnes-bussen forbi, sjåføren slengde ut Haugesunds Dagblad og far gjekk ut i mørket og henta avisa. Eg vagla meg på brødkassen og les om fotballspelarar i byen, ennå hugsar eg eit heilsides intervju med Kjell Robberstad, målmannen i Djerv. Men eg hjelpte også far med arbeidet. Alt var meiningsfullt. Heilt til eg i 1958 stivna i sjokk; mange spelarar i Manchester United hadde mista livet i ein flystyrt i München. Enda verre var det då John F. Kennedy, blei nådelaust drepen i 1963. Eg hugsar nøyaktig stad og fotstilling då ropet nådde meg. Gjennom desse drapa erfarte eg kor brutal og katastrofal døden kunne vera.
Slik beskriv Kåre sine første barndoms- og ungdomsår. Søster hans, Malene, var tre år eldre. Foreldra, Oline (f. Frønsdal) og Martin Glette, dreiv Sveio Dampbakeri i 40 år. I 1950 byrja Kåre på skulen. Han likte mellomdagane best; då var han ofte bonde, særleg hos onkel Nils og Johan Pedersen.
– Under høyinga trakka me i lasset og hoppa i høyet, bar høy til kyrne, såg på kalving og leita opp nyfødde lam i utmarka. Eg gløymer ikkje kor stolt eg var då eg fekk horva eit «stort» jorde hos Johan, stod på ei flat trehorv med piggar under, samstundes som eg med taumane styrte hesten.
Skulen starta og slutta alltid dagen med song. «No livnar det i lundar, no lauvast det i lid». – Eg hadde plass ved vindaugsrekka, og sat og såg og drøymde meg inn i Frønsdals-lia. Det var så vakkert, eg var liksom overtydd om at den som hadde skrive teksten (Blix) hadde sett denne lia. Ein god del salmer og bibelord måtte lærast utanåt. Det kunne Kåre ikkje droppa, slik som han gjorde med leseleksene. Ikkje stilskriving heller. – Eg visste aldri kva eg skulle skriva om. «Du kan skriva det og det», sa mor. «Nei, det går kje an, det er så toskje», sa eg. Forhandlinga enda som regel med at eg var penneførar for mor.
Problemet var at læraren hadde hatt henne på skulen i si tid, og han kjende forteljemåten igjen. Ein gong skreiv eg stilen sjølv, etter ei flyulukke, då las læraren han opp for klassen! Kanskje eg kunne skriva stil sjølv? Etter sju år på skulen gjekk det brått opp for Kåre at ein epoke var over, han som knapt hadde ofra framtida ein tanke. Han famla ei tid; prøvde seg som bakar og sjømann, men treivst ikkje med det.
– Mi sjølvvurdering sa at eg kunne lesa og skriva, men var «analfabet» utover det. Heldigvis vil eg seia, for eg fekk ein kunnskapstørst og ein læretrong utan like. Etter embetseksamen blei eg tilsett ved Eik lærarskule i Tønsberg som blei min arbeidsplass i 31 år. Eg fekk undervisa flotte og interesserte lærarstudentar, dessutan forska, ta doktorgrad og skriva bøker og artiklar, fortel Kåre som i dag bur i Tønsberg saman med kona Kari.
– Sonen vår, Kyrre Harald og svigerdotter vår Natalia, har gitt oss barneborna Peter (8) og Aleksander (3). Dei er vår store glede i livet. Kvart år bur me tre-fire månadar på hytta vår i Vikebygd. No og da tek eg turen til Sveio, men eg kjenner meg mest ikkje att, men «huset vårt» det står. Men Sveio Bakeri er erstatta med Sveio Pizzeria.