nyhende
Kandidatane til bispedømerådet er klare
I haust er det kyrkjeval, og 49 personar på fire lister er kandidatar til Bjørgvin bispedømmeråd. Anne Vierdal frå Sveio er ein av desse.
Så langt langt er det ein plass som er klar: biskop Ragnhild Jepsen skal sitta på biskopen sin faste plass i Bjørgvin bispedømeråd. Bispedømmerådet har i tillegg ni andre medlemmar. Prestar og andre tilsette i kyrkja vel to medlemmer. Dei andre sju får veljarane vera med på å bestemma.
Kyrkjevalet skjer samtidig med kommune og fylkestingsvalet 10. og 11. september. Alle medlemmar i Den norske kyrkja har stemmerett i det soknet dei bur, frå det året dei fyller 15 år. I kyrkjevalet er det val av kven som skal styra kyrkja dei neste åra, både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Fire lister
Dei som vert vald til bispedømerådet, blir også medlemmar av Kyrkjemøtet, som er det øvste demokratiske organet i kyrkja.
Ved kyrkjevalet 2023 er det tre registrerte nomineringsgrupper ved val av leke medlemmar til bispedømeråd og Kyrkjemøtet: Bønnelista, Frimodig kyrkje og Open folkekyrkje. Anne Vierdal er nominert på 5. plass på lista Open folkekyrkje
I tillegg kjem Nominasjonskomiteens liste, der ein lokalt oppnemnd nominasjonskomité har laga forslag til liste.
Desse stiller til val
Listene er presentert i alfabetisk rekkefølge.
Bønnelista
- Sigurd Grindheim (1968), professor, Stord
- Solaug Anita Apelthun Sæle (1951), økonomisjef, Fjell
- Finn Indrebø (1948), pensjonist, Askøy
- Trygve Johannes Hellesøy (1938), prest emeritus, Hellesøy
- Torid Morsund Øygard (1999), student, Bergen
- Magdalena Steinhovden (1947), pensjonist, Naustdal i Sunnfjord
- Anna Helena Bruun (1974), rekneskapførar, Rådal
- Mahdi Alipor Esfahani (1979), butikkmedarbeidar, Førde
- Anders Myrene (2002), student, Naustdal
Frimodig kyrkje
- Gunnar Innerdal (1983), førsteamanuensis, Øygarden
- Per Hilleren (1959), bonde, Sogndal
- Marthe Hauge Aase (1965), kreftsjukepleiar, Skilbrei i Sunnfjord
- Egil Morland (1950), professor emeritus, Øygarden
- Geir Møller (1957), pensjonist, Bergen
- Karen Sofie Uthaug (1998 ), student, Alver
- Hilde Kayser Rohde (1956 ), pensjonert musikar, Indre Arna
- Annlaug Risa (2003), student, Balestrand
- Torstein Backer-Owe (1959), rådgjevar, Odda
Nominasjonskomiteen si liste
- Dag Sele (1964), lege, Stord
- Turid Fjose (1969), lege, Voss
- Amalie Gjengedal-Eide (1996), lektor, Bergen
- Arne Jostein By (1948), pensjonist, Olden
- Kristin Jordheim Bovim (1955), lege, Nesttun
- Dag-Olav Bjorøy (1957), seniorkonsulent, Ågotnes
- Hege Feet Askvik (1957), pensjonist, Knarvik
- Helge Dyrkolbotn (1964), avdelingsleiar, Austrheim
- Amalie Ulevik Bjerk (1997), student, Bergen
- Ingeborg Watne Flatland (1979), lærar, Førde
- Leif Steinar Alfsvåg (1959), høgskulelektor, Stord
- Elise Skjærven Aas (2005), student, Bergen
- Rune Garmann (1952), pensjonist, Masfjorden
- Torild Teige Strand (1959), lærar, Solund
Open folkekyrkje
- Karl Johan Kirkebø (1950), pensjonist, Bergen
- Oddny Miljeteig (1954), pensjonist, Bergen
- Live Bakke Nydal (2004), student, Florø
- Rune Johan Skjælaaen (1954), pensjonist, Bergen
- Anne Vierdal (1996), trusopplærar, Sveio
- Eiel Holten (1968), seniorrådgivar, Bergen
- Malene Mortensen (2001), sekretær, Sotra
- Håkon Glatved-Prahl (1956) Journalist, Alver
- Mari Skjerdal Lysne (1985), stipendiat, Sogndal
- Vegard Flatebø Trætteberg (2002), lagførar, Bergen
- Inger Johanne Gullbrå (1949), pensjonist, Voss
- Lars Hana (1955), pensjonist, Askøy
- Signe Eikenes (1963), prosjektleiar, Leikanger
- Andreas Gravdal (1981), formidlar, Bergen
- Ove Sverre Bjørdal (1971), statsautorisert revisor, Bergen
- Torill Jørgensen Frøise (1972), rådgjevar, Askøy
- Christian Emil Haugen (1990), lege, Bergen