nyhende
Kanadagjess skaper problem
Store flokkar av kanadagås har blitt eit problem for grunneigarar fleire stader i Sveio.
Ein av dei som har fått merka dette er småbrukaren og kommunepolitikaren Arne Valen på Mekjeland.
– Eg har talt opp til 40 gjess på ein gong, fortel Valen.
Fekk løyve til felling
Tysdag kveld fotograferte han ein flokk på rundt 20 fuglar på beitemarka si. I tillegg til å forsyna seg av grasavlingane, trakkar gjessene ned og skitnar til graset slik at det i mange tilfelle blir ubrukeleg til anna dyrefôr. Valen har difor ved fleire høve søkt om å få fella kanadagås utanom den ordinære jakttida. Seinast no i sommar søkte han om å få ta ut ti gjess. Han fekk løyve til sju.
Viltforvaltar Dagfinn Fagerland Bjørge stadfestar at han kjenner til problemet, som er størst kring Nesevatnet og Haukåsvatnet. Det gjeld først og fremst kanadagås, men også grågås.
– Grunneigarane kan setja i verk fleire tiltak for å avgrensa skadene, seier Bjørge.
For det første kan dei sjølve ta avgjerd om skadefelling innanfor visse vilkår. Andre tiltak er å skremma bort fuglane eller setja opp gjerde langs vatna der gjessene held til. Elles oppmodar Bjørge grunneigarane til å organisera meir jakt på kanadagås i den ordinære jaktperioden, som startar 10. august.
Framand art
– Så langt har det vore lite interesse for å driva jakt på kanadagås i Sveio. Kanskje fordi kjøtet ikkje fell i smak, seier Bjørge.
Elles forklarar han at kanadagås eigentleg er ein framand art her i landet. Ein del fuglar blei sette ut på Austlandet i 1920- og 1930-åra for å gi grunnlag for jakt. Visstnok skal det også ha vore sett ut kanadagås på Vestlandet så seint som på 1970-talet. Arten har etablert seg og auka i tal. Jakta har ikkje vore stor nok til å halda talet på individ nede.
Mink er eit anna framandelement i norsk fauna, men denne arten er blitt sjeldnare i Sveio dei siste åra. Bjørge trur kanskje det skuldast ei veksande oterstamme i kommunen, og at oteren fortrengjer minken.