nyhende
Kan tuttifrutti redde miljøet?
Det luktar søtt, syrleg og syntetisk og er allereie blitt ein skikkeleg favoritt blant kyrne. Men det kvite pulveret er ikkje laga for laurdagskos i fjøsen. Det skal bidra til å redde jordkloden.
– Mineralblandinga finst visst med ulik aroma, så eg er spent på kva me får neste gong. Akkurat dette luktar litt spesielt. Det minner om tuttifrutti, gjer det ikkje? spør Torunn Aurstad og rekk fram ein stor papirsekk merka Bovaer som ho har fått frå Tine.
Og ja visst luktar det smågodt; så søtt, syrleg og syntetisk at sjølv den stramme fjøslukta forsvinn når ein stikk nasen nedi. Då er det kanskje ikkje så rart at kyrne nærast står i kø utanfor for båsen der godsakene kjem deisande ned på matskåla i det dei stikk hovudet inn og automaten har lese av chip’en dei har i øyra.
Rape-revolusjon
Dufta er likevel det minst spesielle med mineralblandinga Aurstad heldt i hendene. I den daglege dosen på 150 gram som kvar kyr får, er det også 11 gram av ein såkalla metanhemmar. Det er eit samleomgrep for tilsetjingar i fôr til drøvtyggjarar, som reduserer produksjonen av metangass (CH4) som oppstår når kyr et og mikrobane i vomma bryt ned maten.
Og ei ku et mykje, for å seie det slik. Ho rapar også deretter. Gjennom eit døgn slepp ho ut ein stad mellom 2.000 og 4.000 liter gass, og av dette er rundt 440 gram metan. Legg ein til at metangass fører til 28 gonger så stor temperaturauke som det CO2-gass (karbondioksid) gjer, utgjer millionane av drøvtyggjarane i verda eit ikkje så reint lite klimaproblem.
I Noreg kjem 9,4 prosent av det totale klimagassutsleppet frå jordbruket. Rundt halvparten er metan frå drøvtyggjarar. Det er ein av grunnane til at landbruket no har forplikta seg internasjonalt til å redusere utsleppa dramatisk innan 2030.
Og det er altså her tuttifrutti-pulveret som kyrne på Kjos gard på Jessheim et, kjem inn.
Kutte, kutte, kutte
Sidan mai har dei delteke i det store forskingsprosjektet MetanHub, som testar ut ulike metanhemmarar i fôr hjå storfe- og småfebesetningar. I tillegg til Bovaer, er det også gjort forsøk med raudalgen Asparagopsis armata. Dette prosjektet er fireårig og blir leia av Tine. Med på laget er også andre store aktørar som Geno, NMBU, NIBIO, Nortura, Tyr og NSG, som alle har eigne metanrelaterte prosjekt og deler informasjon.
– MetanHub er ein del av den store Klimaplanen i landbruket. Det hårete målet er at me nasjonalt skal kutte metanutsleppet frå drøvtyggjarar med 30 prosent, fortel Heidi Skreden, som er spesialrådgjevar i Tine.
Samla skal landbruket dei neste åra bruke 40 millionar kroner på å redusere utsleppa frå norsk mjølke- og kjøttproduksjon.
Spørsmålet alle stiller seg no, er kor mykje mindre utslepp det faktisk er realistisk å oppnå.
– Her på garden er målet i første omgang å redusere utsleppa med 25 prosent. Det høyrest kanskje mykje ut, men forsøk i fleire andre land har dokumentert mellom 30 til 50 prosent reduksjon, seier Skreden.
Måler måltidet
Akkurat no står ho bøygd over eit anna inngjerda avlukke i fjøsen. Der ramlar det kraftfôrpellets ned i ei rund matskål når ei kyr stikk mulen inn. Fôrautomaten er levert av Geno og registrerer identitetschipen kvar ku har i øyra. Gjennom små hol rundt matskåla måler sensorar deretter mengda metan i pusten og rapen frå kua medan ho et.
Skreden er innom for å kalibrere maskina og diskutere potensielle problemstillingar med Torunn Aurstad. Som ei ekstra sikkerheit blir alle målingar automatisk overført til det amerikanske selskapet C-lock, som verifiserer dataa før både Tine og Geno tek dei i bruk. Geno bruker informasjonen i eit prosjekt som på sikt skal inkludere redusert metanutslepp som ein del av avlsmålet på Norsk Raudt Fe.
Men kvifor gønnar dei ikkje berre på med metanhemmarar i kvart einaste fjøs i heile landet, når forsøka utanlands har synt så god utteljing?
– Resultata frå andre land er ikkje direkte overførbare til norske forhold. Me må finne ut korleis hemmarane fungerer i ein diett med norsk fôr og under norske driftsforhold. Tine har forska på ulike metanhemmarar i fleire år, og MetanHub er ei forlenging av dette. Forsøka me har gjort med Bovaer tidlegare, synte at utsleppa vart redusert med mellom 15 og 18 prosent. Det er ein lovande start, seier Skreden.
Fritt val
I motsetnad til i mange andre land, vandrar norske kyr ofte ganske fritt i fjøsen og et både gras og kraftfôr. Det gjer også at utsleppa frå kyr varierer. Globalt sett slepp kyr i snitt ut 2,6 ekvivalentar CO2 for kvar liter mjølk dei produserer. Norske kyr rapar til samanlikning berre ut 1,1 CO2-ekvivalentar.
Midt oppi alt er det godt nytt at det nettopp er metan kyrne slepp ut. For der levetida til CO2-gass i atmosfæren er mellom 300 og 1000 år, er levetida til metangass berre ni år. Det gjer at kutt i metangassutslepp vil gje ein mykje raskare miljøeffekt enn reduksjon i CO2. Og der kutt i CO2 berre hindrar meir oppvarming av atmosfæren, meiner forskarane at reduksjon i metan faktisk kan ha ein nedkjølande funksjon.
Spennande prosjekt
– Me veit at metanhemmaren har effekt, men me veit enno ikkje kor stor effekten er hjå oss. Jobben vår er berre å sørgje for at det er alltid er nok av mineralblandinga me får og halde eit auge med luftmengdemålingane i metanmålaren. Resten er det forskarane som tek seg av. Det er difor dette er eit spennande prosjekt å vere med på, seier Torunn Aurstad, som i tillegg har hatt 30 høgteknologiske fôrkar frå Geno installert i fjøsen sidan 2021.
Også desse automatane opnar seg når øyrechip’en på kua blir registrert. Det gjer den når kua oppsøkjer den på eige initiativ, slik ho også må gjere med dei andre automatane i fjøsen. Difor er det slett ikkje alle kyrne som blir målt like ofte. Men når kua sjekkar inn på eit av fôringskara, startar nok ei omfattande datainnsamling:
Kor mykje grovfôr kvar ku et i døgnet, kor ofte ho et og kor mykje ho et per besøk. Det vert også registrert kor mykje kua veg og kor mykje mjølk ho leverer kvar gong ho tuslar bort til mjølkeroboten når ho vil tømmast.
Unik kombinasjon
For Geno gir det å ha både metanmålar og automatiserte fôringskar i same fjøs ein heilt unik kombinasjon av informasjon til avlsarbeidet. Med Tines metanhemmar-forsøk på toppen, og fri flyt av informasjon aktørane i mellom, blir dataa frå kyrne på Kjos nytta til det maksimale. Det betyr likevel ikkje at ein berre skal gjere meir av det som syner optimal effekt:
– Om kyrne et mindre gras, produserer dei sjølvsagt endå mindre metan enn dei gjer no. Men norske kyr likar grovfôr, og me som bønder er også heilt avhengige av å utnytte dei grasressursane me har. Løysinga på metanutsleppa må ta omsyn til begge delar, seier Torunn Aurstad.
Heidi Skreden nikkar:
– Ja, me må sette tala i samanheng og finne den rette balansen. Å gå over til primært å fôre opp norske kyr på importerte råvarer fordi det gir mindre utslepp, er jo ikkje eit berekraftig alternativ. Men målet er at alle drøvtyggjarar i Noreg skal få metanhemmar i fôret innan 2027. Og det er mjølkekyrne som står først i køen.
– Jordbruket må sjølv følgje opp
I årets jordbruksoppgjer vart partane einige om å støtte arbeidet med å redusere klimavtrykket i landbruket med 10 millionar kroner for 2024, og med atterhald om løyvingar fram til 2027, fortel landbruks- og matminister Geir Pollestad.
Han meiner MetanHub er eit viktig bidrag til å oppfylle intensjonsavtalen om klima mellom staten og jordbruksorganisasjonane:
– Eg har stor tru på at dette prosjektet vil bidra til at bruk av metanhemmarar i fôret er innfasa i dei grovfôrbaserte husdyrproduksjonane i 2027. Dette vil vere eit solid bidrag til å redusere utsleppa frå jordbruket. Eg har sjølvsagt stor tru på at klimaavtalen med jordbruket blir innfridd, men det påligg både regjeringa og jordbruket sjølv eit ansvar for å følgje opp, seier Pollestad til NPK.
Kjelder: buskap.no, landbruk24, tine.no og Geno