nyhende
Kan ta i mot 30 nye flyktningar frå Ukraina i år
Sveio tok i mot 35 flyktningar frå Ukraina i fjor. I år har kommunen vedtak på 30 nye. — Me har gode erfaringar med dei som me har busett, seier rådmann Jostein Førre.
Det er eitt år sidan krigen mellom Ukraina og Russland byrja. Over åtte millionar har flykta frå landet, og litt under 40 000 av desse til Noreg.
I Sveio har det også kome nokre titals.
Plass til 30 nye
— Kommunen tok i mot 35 flyktningar i fjor. Dei fleste er kvinner og barn, seier Jostein Førre.
Rådmannen i Sveio fortel at kommunestyret har gjort vedtak på å ta i mot 30 nye frå Ukraina i år.
— Det er busett éin flyktning så langt i år, seier Førre.
Han meiner Sveio er godt rusta om det kjem fleire.
— Flyktningtenesta, skule og andre einingar har bygd opp kapasiteten sin for å vera førebudd på å ta i mot nye flyktningar, seier førre.
Treng fleire bustadar
Men, det er eit problem som kommunen må jobba kontinuerleg med.
— Den største utfordringa per i dag er å få tak i bustadar i områder som Sveio sentrum og Førde, seier han.
— Kva er erfaringane så langt med busetting og integrering av dei ukrainske flyktningane?
— Me har gode erfaringar med flyktningane som me har busett i kommunen. På kort tid har barn og unge fått plass i skule og barnehage, medan dei vaksne har starta på norskopplæring og introduksjonsprogram, seier Førre.
Rådmannen er også nøgd med korleis ukrainarane har vorte teken i mot av sveibuene.
— Kommunale einingar, bedrifter, frivillige og innbyggjarar gjer ein god innsats for å integrera flyktningane, seier Førre.