nyhende

Fleire gamle bilvrak står parkert på Statens Vegvesen sin eigedom på Hope. Sveio kommune krev dei fjerna.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Fleire gamle bilvrak står parkert på Statens Vegvesen sin eigedom på Hope. Sveio kommune krev dei fjerna.

Kan få døgnmulkt for bilvrak

Sveio kommune meiner Statens Vegvesen er ansvarleg for å fjerne bilvrak og søppel frå gamle E39 på Hope. Kommunen truar med døgnmulkt om det ikkje vert rydda opp innan 15. september.

Publisert Sist oppdatert

 Fem gamle bilvrak og anna skrot står forlate i enden av Hopevegen, på gamle E39, og tett inntil dagens E39. Sveio kommune meiner at det er Statens Vegvesen, som er grunneigar på staden, som må ta jobben med å rydde opp. 

— Slik det ser ut no er det særs skjemmande når ein kjem køyrande langs E39. Slik lagring av boss på eigedommen er i strid med lovverket og ser ikkje bra ut for allmenta, skriv kommunen sin sakshandsamar. 

Fare for naturen 

I brevet slår kommunen fast at gamle bilvrak er ein fare for naturen og dyrelivet rundt, då det kan føre til at olje, diesel eller bensin kan leke ut i naturen. 

Det går ikkje fram av saka kven som kan ha plassert bilvraka der, men kommunen viser til regelverk som slår fast at det er grunneigar sitt ansvar å fjerne avfallet om det ikkje er mogeleg å spore dei opphavelege syndarane. 

Vegvesenet har ikkje svart på varsel 

Kommunen sendte varsel om pålegg om opprydding 9. mai i år, men har ikkje høyrt noko meir frå Vegvesenet om saka. I eit endeleg vedtak datert 5. juli i har kommunen difor gitt Statens Vegvesen frist til 15. september med å rydde opp på eigedomen, kor det ligg både treplankar, bilvrak og anna søppel. Om ikkje fristen blir halde, ventar det mulkt på 1000 kroner døgnet. 

Statens vegvesen tar saka på alvor. Det seier pressevakt Kari Karstensen i Statens Vegvesen sin seksjon for drift og vedlikehald. 

— Grunna ferietid kan eg ikkje svare på korleis saka er handsama til no, men vi vil melde tilbake til kommunen innan fristen, seier ho. 

Forureining nær drikkevatn 

Statens Vegvesen er ikkje dei einaste som den siste tida har fått pålegg frå kommunen om å rydde opp potensielt miljøfarleg avfall på eigedomane sine. Grunneigarar ved Litlavatnet, heilt sør i Sveio, er pålagt å fjerne gamle bildekk, deler av ein motor og anna skrot frå plassen. Det skjer etter at Haugesund kommune har vore på synfaring i området, som er tilsig til Haugesund kommune si drikkevasskjelde Stakkestadvatnet, og oppdaga forureininga. Her har grunneigar trekt kommunen si grunngjeving i tvil, og det er førebels uklart korleis saka blir løyst mellom partane. 

Måtte fjerne skogsmaskin 

I eit tredje tilfelle hadde kommunen fått melding om ein skogbruksmaskin, ein såkalla lastbærar, som stod delvis nedsigen i ein bekk på ein privat eigedom ved Emberland. Kommunen påla også her grunneigar om å fjerne maskinen grunna faren for forurening. Her tok grunneigar grep, og fekk eigaren av lastbæraren til å fjerne den. Kommunen har nyleg konkludert med at maskinen er fjerna, og har avslutta saka. 

Powered by Labrador CMS