nyhende

Illustrasjonsfoto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK

Kan du dei nye reglane teiner og ruser?

Det er viktig å merke teiner og ruser riktig, seier Fiskeridirektoratet. Frå 1. januar kom det nye krav.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Det blei innført krav til merking av sjølve teinen eller rusa 1. januar i år. Det gjer det enklare for Fiskeridirektoratet å avdekkje uansvarleg bruk og redusere marin forsøpling.

Det nye kravet til merking seier at merket på teinen eller rus skal festast godt i øvre del og må tole saltvatn over tid, skriv Fiskeridirektoratet.

Formålet med det nye kravet til merking er for at reiskapen skal bli brukt riktig og ansvarleg for å unngå at det blir søppel i havet.

I tillegg har Fiskeridirektoratet utvikla ein eigen app der fritidsfiskarar kan melde mista eller funnen reiskap.

Seniorrådgjevar Gjermund Langedal i Fiskeridirektoratet seier sjølv den beste fiskaren kan miste fiskereiskap.

– Enkle grep som jamleg røkting, å ikkje sette reiskapen der båtar køyrer, bruke synlege og gode vak og nok tau hjelper veldig for å unngå å miste reiskapen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS