nyhende
Kan bli tørke i Sør-Noreg fram til jonsok
Dei neste to vekene kan det bli veldig tørt i Sør-Noreg.
— Mange stader vil det ikkje komme regn i det heile dei neste to vekene, seier vakthavande meteorolog Per Egil Haga til Nationen.
Det kan utvikle seg nokre ettermiddagsbyer, men dei vil vere veldig lokale, opplyser meteorologen.
Tørkesommar
— I dei indre strøka kan ein få intense torebyer, men dei vil vere veldig lokalt og ikkje treffe alle stader, seier han.
Prognosane i år viser at det er høgare prognosar for tørkesommar. Juni og august er dei to månadene der faren for tørke er størst. Faren er litt mindre i juli.
— Det er snakk om sør for Dovre der vi kan sjå tendensar til eit vêrskifte. I desse områda er det meir sannsynleg at vi får tørke periodar enn det vi pleier å få, seier Haga.
Lågtrykk mot slutten av juni
Mot slutten av juni er det ein liten tendens til at høgtrykket i sør blir svekt og blir erstatta med lågtrykk.
— Det er jonsok-helga vi truleg vil få ei omlegging i vêrsituasjonen. Om han kjem tidsnok og om det er noko særleg nedbør i omlegginga, står att å sjå.