nyhende

Frå torsdag klokka 04.00 aukar faren for snø. Fredag klokka 16.00 vil faren vera over. I mellomtida kan det koma 35 cm snø på dei mest utsette plassane. Kart: Meteorologisk institutt
Frå torsdag klokka 04.00 aukar faren for snø. Fredag klokka 16.00 vil faren vera over. I mellomtida kan det koma 35 cm snø på dei mest utsette plassane. Kart: Meteorologisk institutt

Kan bli snøfokk og dårleg sikt

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for Vestlandet. Etter ein fin og kald onsdag, er det berre å stålsetta seg for ein ny runde med mykje snø – og vind.

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om onsdagen blei nesten snøfri, har ikkje brøytamannskapa lagt på latsida. Det tar si tid å få fjerna all snøen som kom fram til onsdag morgon. Fra torsdag morgon er det på han igjen.

Som dei tidlegare snøfalla vil det variera kor mykje snø som kjem ulike stadar. Ifølge farevarselet som er sendt ut, kan det bli opp mot 25 cm på eit døgn, og 35 cm der bygene treff hardast. Snøbygene kjem sigande inn over Sveio tidleg torsdag morgon, og det vil snø meir eller mindre fram til fredag morgon.

Kan bli snøfokk og dårleg sikt

Vinden er meldt å dreia mot vest for så å snu over mot nord. I nokre timar utpå sein ettermiddag og tidleg kveld torsdag er det venta vindauke og opp mot liten storm i kasta før vinden roar seg. Slik meldinga for Sveio ser ut i skrivande stund, vil det ikkje koma noko særleg snø når det bles som mest.

Men det varar ikkje lenge. Frå grytidleg fredag er det venta godt med vind igjen frå vest, nordvest, samtidig som det snør. Med vindkast opp mot stiv kuling og liten storm, kan det by på utfordringar for dei som er ute på vegane med snøfokk og dårleg sikt.

For Sveio meldes det også fare for torevêr torsdag morgon og torsdag kveld.

Vanleg vestlandsvinter frå søndag

At det skiftar fort er det ingen tvil om. Torsdag vil temperaturen stort sett halda seg under null. Fredag er det meldt stigande temperatur midt på dagen med opp mot eit par plussgrader.

Laurdagen startar med blå tal på gradestokken før temperaturen begynner å stiga. Laurdag ettermiddag vippar temeperaturen over på pluss og det er venta nedbør som sludd. Frå laurdag kveld er det meldt tre plussgrader og regn. Både sludd og regn vil kunna gi utfordrande føre på vegane.

Frå søndag meldes det vanleg vestlandsvinter: Fem plussgrader og til dels mykje regn. I veka som kjem ser det ut til at temperaturen vil halda seg på plussida, og ikkje uventa: det blir ein del regnbyger.

Powered by Labrador CMS