nyhende

Held ikkje fartsgrensa:

skuleveg sveioåsen
Illustrasjonsfoto.

Kan bli kontroll i 30-sona nær Sveio skule

Politiet er villige til å ha kontroll i tettbygde område nær Sveio skule, etter at dei fekk høyra at ein del trafikk har for høg fart i område der mjuke trafikantar også ferdast.

Publisert Sist oppdatert

I det siste har Sveio kommune fått fleire meldingar om at bilistar ikkje held fartsgrensa i 30-sona i og rundt Sveioåsen I og II, Austre og Vestre Kringsjå.

Telefonar frå foreldre

– Fartsgrensa blir ikkje oppretthalde på strekningar som er skuleveg, og der det er stor aktivitet på dagtid. Mange små elevar leiker i området rundt Sveio Auto, seier John Anders Semb, oppsynsmann for veg i Sveio kommune.

I tillegg til å ha observert tilfelle sjølv, har han fått telefonar frå bekymra foreldre, som har sett korleis folk køyrer der ungane ferdast. Oppmodinga er klar:

– Fartsgrensa må oppretthaldast, seier Semb, som ikkje ser vekk i frå at det kan bli fartskontrollar dersom det ikkje blir betre.

Vil be om kontroll

Politioverbetjent i Sør-Vest politidistrikt, Bodhild Karin Bang har ikkje høyrt om henvendingar frå publikum om høg fart i området dette året.

– Tidlegare var det litt henvendingar, men ikkje no. Eg har ikkje full oversikt over alle stadane me har kontrollar, men me prøver å vera alle stader, og mest der det skjer flest uhell, seier Bang, som vil be patrulja gjennomføra ein eller fleire kontrollar på staden.

Åsvegen og Bakkevegen er gjennomfartsvegane til Sveioåsane, medan Leitevegen fører til Austre og Vestre Kringsjå. Det er 30-sone på alle strekningane, og inne på byggjefelta.

Powered by Labrador CMS