nyhende
Kan bli karantene for mange
I morgon vil truleg fleire land og regionar bli endra frå grøn til raud kategori når regjeringa kjem med nye reiseråd. Dei siste dagane har forsikringsselskapa hatt stor pågang med spørsmål, særleg om Spania.
For at eit land eller ein region skal koma inn under kategorien grøn, må det vera færre enn 20 bekrefta koronatilfelle per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene (vurdert på landnivå), og færre enn 5 prosent positive prøvar i snitt per veke siste to veker.
I morgon kjem regjeringa med oppdaterte reiseråd, og Spania blir truleg raudt igjen. Vel 10.000 nordmenn er i Spania no. Blir landet raudt igjen, må reisande i karantene om dei returnerer etter midnatt i morgon. Det gjeld for reisande frå alle land og regionar som får endra status til raudt.
Mange er uroa
Forsikringsselskapa melder at dei har fått mange telefonar og mailar til kunde- og skadesenter, særleg knytt til situasjonen i Spania.
– Dersom landet eller regionen var grøn ved avreise, vil reiseforsikringa gjelda som normalt, inkludert medisinsk hjelp og eventuell heimtransport ved sjukdom. Me erstattar også kostandar knytt til ein eventuell karantene myndigheitene i landet vil pålegga ved ein endra situasjon. Eller eit utreiseforbod om ein blir pålagt det av lokale myndigheiter i landet ein er i, seier informasjonssjef Sigmund Clementz i Europeiske Reiseforsikring, en del av If.
Dekker ikkje tapt arbeidsinntekt
Han strekar under at det er viktig å vera klar over at reiseforsikring ikkje dekker tapt arbeidsinntekt ved karantene etter heimkomst til Noreg dersom du ikkje har ferie- eller fridagar igjen til å gjennomføra karantenetida på 10 dagar.
Eit anna scenario er at du har kjøpt reisa då landet var grønt, men at det innan avreise blir raudt. Då dekker reiseforsikringa avbestillingskostnadane du ikkje får refundert av fly- eller reiseselskapet ditt.
Strenge reglar for smittevern
Trassar du UD sine reiseråd og reiser på raudt, gjeld ikkje reiseforsikringa.
– Å være på reise i sommar – grønt lys eller ikke – er noko heilt anna enn for eitt år sidan. Rundt om i Europa er det strenge reglar for smittevern i mange land, og dei endrar seg raskt i takt med situasjonen. Mange land har for eksempel påbod om bruk av munnbind både på offentlig transport og i butikkar, seier Clementz.