nyhende

Snøfallet kan føre til kolonnekøyring og- eller stengde vegar i fjellet. Arkivfoto: Kyrre Lien / NTB / NPK
Snøfallet kan føre til kolonnekøyring og- eller stengde vegar i fjellet.

Kan bli 50 centimeter snø i Vestland

Mykje snøfall kan føre til kolonnekøyring eller stengde vegar i Vestland og Rogaland.

Publisert Sist oppdatert

Meteorologane har sendt ut varsel på gult nivå for snø for delar av Vestland og Rogaland. Varselet, som gjeld frå klokka 13.00 tysdag til 07.00 onsdag, fortel om 5–25 centimeter i låglandet, og opp til 50 centimeter i fjellet.

Tysdag kveld kan nedbøren kome forbigåande som sludd eller regn i ytre strok frå Bergen og sørover.

I Sveio ser det ut til at det meste av nedbøren kjem mellom klokka 12.00 og fram til midnatt. Yr melder mellom 12 og 40 millimeter i løpet av denne perioden. Det ser ut til å bli snø først på dagen og meir sludd og regn enn snø etter kvart.

Temperaturen vil ligga rundt 0 om morgonen og stiga til 3-4 grader utover kvelden. Vinden skal auka på og kan koma opp i stiv kuling i kasta frå 15.00-tida tysdag.

Snøfallet kan gi snøfokk i fjellet, redusert sikt og moglegheit for kolonnekøyring og- eller stengde vegar.

Powered by Labrador CMS