nyhende

Målet med mataksjonen er å dele ut til saman over 20.000 sertifiserte setjepoteter, mange sett i ei gul Felleskjøpet-bøtte med litt jord.
Målet med mataksjonen er å dele ut til saman over 20.000 sertifiserte setjepoteter, mange sett i ei gul Felleskjøpet-bøtte med litt jord.

Kampanje for meir matauk

Bøtter, jord og poteter var ingrediensane då landbruksminister Geir Pollestad (Sp) deltok på Felleskjøpets aksjon «Klar, ferdig, så» ved Oslo sentralstasjon.

Publisert Sist oppdatert

«Klar, ferdig, så» er ein landsdekkjande aksjon med mål om å framheve matberedskap og auka sjølvforsyning i Noreg, og å vise at ein ikkje treng eit stort areal for å dyrke litt mat.

Målet er å dele ut til saman over 20.000 sertifiserte setjepoteter, mange sett i ei gul Felleskjøpet-bøtte med litt jord. Kampanjen starta i Bergen sist måndag og var deretter i Trondheim sentrum onsdag, før Oslo stod for tur fredag.

Pollestad delte ut poteter i morgonrushet, og Sp-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum stakk innom for å støtte opp om aksjonen etter først å ha snakka med reisande om skattemeldinga.

Powered by Labrador CMS