nyhende
Kallar tilbake skinkesteik og roastbiff
Ein mistanke om bakterien Listeria gjer at UNIL kallar tilbake to produkt.
UNIL, eit underselskap hjå Norgesgruppen, tilbakekallar enkelte produkt av Folkets Skinkesteik og Roastbiff.
Årsaka er ein mistanke om bakterien Listeria.
Tilbakekallinga gjeld for Folkets Skinkesteik merka med haldbarheitsdatoane 28.08.2023 og 01.09.2023, og Roastbiff merka med dato 28.08.2023.
UNIL ber forbrukarar om å kasta varene, eller returnera produkta til butikken dei er kjøpt i for refusjon. Dei er allereie fjerna frå butikkane, seier UNIL i ei pressemelding.
Listeria kan gje risiko for alvorleg sjukdom hos gravide og personar med nedsette immunforsvar, og bakterien veks godt med kjøleskaps-temperatur.
Desse varene gjeld tilbakekallinga:
Folkets Skinkestek 90 g
28.08.2023 LOT 33110027
01.09.2023 LOT 33150016
Folkets Roastbiff 90 g
28.08.2023 LOT 33110105