nyhende

Santa Maria Norge AS gjennomfører ei tilbakekalling av Santa Maria Cheddar Cheese Sauce og Santa Maria Dip Nacho Cheese.
Santa Maria Norge AS gjennomfører ei tilbakekalling av Santa Maria Cheddar Cheese Sauce og Santa Maria Dip Nacho Cheese.

Kallar tilbake ostesaus og dipp

Santa Maria Noreg kallar tilbake Cheddar Cheese Sauce og Santa Maria Dip Nacho Cheese Style på grunn av mattryggingsrisiko.

Publisert Sist oppdatert

– Mattryggingsrisikoen er knytt til ein bakterie og er stadfesta funnen i éin batch ostesaus, og vi gjennomfører derfor ei tilbakekalling, opplyser Santa Maria Noreg i ei pressemelding.

Tilbakekallinga omfattar Cheddar Cheese Sauce 3kg med best før-datoer frå 01/06/2024 til 31/08/2024 og Dip Nacho Cheese Style 250g med best før-datoer frå 01/06/2025 til 31/08/2025.

Bakterien kan forårsake symptom som kvalme og oppkast. Viss det oppstår symptom, pleier dei vanlegvis å minke innan 24 timar. Det er så langt ikkje rapportert om nokon tilfelle av matforgifting.

Forbrukarar som har kjøpt dei aktuelle produkta, blir ikkje bedne bruke dei, men ta dei med tilbake til butikken og få pengane tilbake.

Powered by Labrador CMS