nyhende
— Kaldbading gjer meg mentalt sterkare
Tony Andre Stuvik har ein heilt spesiell måte å ta vare på kropp og sinn. Han sit i iskaldt vatn, ofte i eit heilt kvarter. Det heile byrja med ein tilfeldig video på Youtube.
— Eg byrja med det for å finna ut om dei som gjorde det var galne, seier Tony Andre Stuvik.
Sveibuen snakkar varmt om å ha det kaldt.
Isbading og sauna har vorte populært mange stadar i Noreg. I fleire byar kan ein leiga flytande badstover, og hoppa i kaldt vatn før ein spring inn i varmen. Ei forfriskande oppleving som styrkar kropp og sinn, seiast det.
Men kva om du hadde blitt verande i det kalde vatnet?
Kuldebading
Stuvik sit nemleg med vatn opp til halsen i eit kvarter, nokre gongar meir. Og for han er det korleis det styrker hovudet som er mest interessant.
— Eg forsøkjer å tvinga meg til å gjera noko eg ikkje vil. Det gjer meg mentalt sterkare, seier Stuvik.
— Kor ofte gjer du det?
— Så ofte som mogeleg, men veldig basert på når eg har anledning, svarar han.
Tanken bak kuldebading er å utsetja seg for noko ubehageleg, og å verta verande i situasjonen. Då må ein ta kontroll over sitt eiga sinn, og å meistra ubehag.
— Når eg byrja var det på ingen måte behageleg. Eg måtte tvinga meg sjølv. Første gongen sat eg eit halvt minutt. No er det lengste eg har sete 50 minutt.
— Oi, imponerande!
— Ja hehe, det var ein kamp dei siste 20 minutta, fortel han.
Sette ting i perspektiv
For nokon er motivasjonen å betra sin fysisk helse, men det er ikkje kva han sit igjen med.
— Helse? Nei, eg kan ikkje hevda det, seier Stuvik.
Han fortel at det er mange ulike meiningar om korleis det påverkar ein fysisk. Sjølv har han merka korleis det gjev effekt på tankane hans.
— Mental helse, der har eg fått ein effekt. seier Stuvik.
— Korleis då?
— Litt depressive tankar eller sutrete haldningar vert lettare å handtera når eg tvingar meg sjøl til å gjere vanskelege ting som er ubehagelege, seier han.
Han er einig med dei som hevdar at opplevinga set ting i perspektiv.
— Det vert eit såkalla «bullshit»-filter for sånne småproblem med litt ubehag. Dei fjernar seg, fortel Stuvik.
Mogelegvis kan ein slags helseeffekt vere at ein får meir kontakt med seg sjølv trur han.
Februar i fjor
No er det litt over eit år sidan han byrja med kuldebading, då saman med ein kompis.
— Det hadde vore fint ver eigentleg ganske lenge. Dagen me hadde bestemt oss kom det 10 centimeter snø og det var slush på Vigdarvatnet, seier Stuvik.
Då vart hans første gong noko han aldri kjem til å gløyme.
— Ganske stor omvelting for meg. Før var eg ein badepingle som ikkje bada om sommaren ein gong, og så måtte eg vassa ned i Vigdarvatnet i snø, ler han.
— Merkar du noko forskjell etter eit år?
— Mindre pysete med å gå ut i vatn, ler Stuvik før han fortset
— Alle dei andre stadane eg kan bruka den mentale styrken. Ta meg ein joggetur når eg ikkje kjenner meg heilt i slaget til dømes. Det er der eg kjenner effekten størst. Eg er sjefen for avgjersla mine, det er ikkje regnet eller vinden som avgjer, seier han.
Ikkje så tenkja så mykje
Rutinen hans er å vassa til han har vatn over knea, og så setja seg ned. Nokon gongar har han på seg hue, og andre gongar ikkje.
— Det er jo ein like stor del av dette å læra å kjenna meg sjølv, å kjenna kroppen, seier Stuvik
Når han sit lenge så snakkar han høgt til seg sjølv for å høyra etter skjelvingar i stemma. Då kan det vere på tide å gå opp.
— Eg har vore ute og gjort dette når det har blåst storm eller regna, men eg merkar ikkje omgivnadane. Det er behageleg, seier han.
— Er det litt som meditasjon?
— Ja, det kan vel kallast det. Eg sit berre og ser på fjella og stjernehimmelen. Veldig ofte merkar eg at eg sit og tenkjer på ingenting, seier Stuvik.
— Korleis er det å tenkja på ingenting?
— Det er fint. Eg ser husa i Sveio, det kjem røyk i frå pipar. Roa har senka seg på kvelden. Det er ganske behageleg å berre vere tilstades, og ikkje tenkja så mykje, seier han.