nyhende

Tilsette i Sveio Byggsenter blei påspandert julemiddag på huset etter jobb tidleg i desember. Frå venstre: Jan Inge Halleraker (byggjeleiar/sal), Edward Semb (tømrar), Reidar Hovland (sjåfør/sal), John Ingve Bendiksen (tømrar innleigd), Alf Haugland (tømrar) og Oddmund Sæ (tømrar innleigd).

Julemiddag i butikken på Hanaleite

Publisert Sist oppdatert

Sveio Byggsenter AS (BYGGI Sveio) har lang tradisjon med å arrangera julebord på sine tilsette. I tillegg samlast alle til julegraut med mandel som avslutning før jul.

– På grunn av korona-situasjonen blei det litt annleis i år. Då samlast me til julemiddag her på jobb etter arbeidstid, etter at butikken var stengt. Då fekk me eta eit godt måltid og ha det litt sosialt saman. Det fekk vera ei god erstatning dette spesielle året, opplyser dagleg leiar Britt Helen Kallevik Grutle.

Powered by Labrador CMS