nyhende
Julegrana lyser i vennskapsbyen til Vestland
Juletreet vart tent første søndag i advent, av barn som telte ned frå 10 til 1 på norsk. Grunna koronapandemien var seremonien digital, men i heile juletida skal juletreet lyse på hamna i Cardiff. Fylkesordførar Jon Askeland digitalt.
– På vegne av folket i Vestland er det mi djupe glede å helse til våre gode venner i vakre Cardiff. Banda mellom oss går tusen år tilbake i tid. Den norske sjømannskyrkja vart grunnlagt i 1866 og har sidan vore ein hjørnestein som har knytt oss synleg saman. Pandemien gjer det endå meir viktig med samarbeid og kontakt mellom folk, sa Askeland.
I talen kom fylkesordføraren inn på samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestland.
– Vi kan snart markere eitt år for samanslåinga. Den har eit spesielt band til Cardiff, fordi folket i dei to fylka samla inn pengar til å gjenreise sjømannskyrka på 1980-talet. I 1991 vart kyrkja gjenopna, og det første juletreet vart sendt frå Voss og tent utanfor kyrkja i desember same år. Dette var byrjinga på ein tradisjon som vi framleis feirar, sa fylkesordførar Jon Askeland, som håpar at dei kan møtast ansikt til ansikt til juletretenninga neste år.
Eit viktig element i vennskapssamarbeidet med Cardiff er den norske klassen der. I 23 år har meir enn 400 elevar frå Hordaland gått vg2 i Wales, og no kan elevar i heile Vestland søkje.
Kjelde: Vestland fylkeskommune