nyhende
Julebodene har kome på plass
Dei flotte julebodene som Lions Sveio har bygd, har no funne sin plass på Sveiotorget. Etter litt omstabling.
Gjengen frå drift og anlegg, Alf Owe Lie, Oleh Ditsekh og Eivind Nærum, fekk dei to første bodene plassert ganske kjapt. Ordførar André Mundal Haukås var ute og inspiserte medan arbeidet pågjekk, og dei fire testa at det var god plass inne i dei flotte bodene.
Då dei to siste bodene skulle settast ut, kom prosjektleiar i Sveio kommune, Andreas Ekrheim, til for å bistå i diskusjonen om plassering. Det enda med litt omstabling, noko som likevel gjekk ganske kjapt unna.
Medan bodene vart omstabla, jobba Oleh med holet der julegrana skal stå. Det var nemleg godt frose, så det måtte mellom anna varmt vatn til for å få has på isen.
Uansett vil alt vera klart til julemarknad og julegratenning kommande laurdag.