nyhende
Jublar for viktig tilskot
Bibliotekar Anitha Ramsdal vart både sjokka og i gledesrus då ho såg kor mykje biblioteket fekk i tilskot, over fire hundre tusen kroner! Det skal hjelpa dei i å styrka lesinga til barn i Auklandshamn og Sveio.
Den 7. juni opna bibliotekar Anitha Ramsdal ein e-post i frå Utdanningsdirektoratet, adressert Sveio Folkebibliotek.
– Då vart Anitha hoppande glad, seier Kristine Thorkildsen, biblioteksjef.
– Eg vart både tom for ord og veldig lukkeleg, humrar Ramsdal.
Årsaka var at ein tidlegare søknad hadde fått positivt svar. Eit veldig positivt svar.
– Eg trur det er den største bevillinga nokonsinne, i alle fall til noko slikt, seier Ramsdal.
Tid til barna
Heile 410 000 kroner vart tildelt folkebiblioteket for eit prosjekt dei ville setja i gong, nemleg å styrka lesinga til skulebarn.
– Programmet er meint for to barneskular, Auklandshamn og Sveio, seier Thorkildsen.
Det utgjer om lag 320 barn.
Pengane kan utelukkande brukast til såkalla personalressursar eller utvikling av kompetanse. Dei kan ikkje kjøpa noko utstyr eller bøker for dei.
Det betyr at dei kan bruka arbeidsdagen deira på å styrka lesinga til barn mellom første og sjuande trinn.
– Midlane går til seminar, kurs og å frikjøpa arbeidstid slik at me kan halda arrangement for barna og koma på klassebesøk, seier Thorkildsen.
Frikjøp betyr at dei kan leiga inn vikarar til å halda vanleg drift gåande. Det har dei vanlegvis ikkje mogelegheit til. Dei understrekar at frikjøp er uvurderleg for å kunne gjera noko meir enn berre halda opent.
– Og me får med ein lærar frå kvar skule, som også kan dekkast av vikar, seier ho.
Dårlege resultat
Dei har allereie nokre jern i elden, til dømes nokre lesekampanjar.
– Me gjer mykje allereie, men no kan me gjera det enda betre, seier Thorkildsen.
No ser dei på mellom anna podkast. Ynskjet er at elevane sjølv skal få snakka med kvarandre om bøker. Målet er å styrka lesinga mellom første til sjuande trinn, og dei har nokre eksempel dei vil sjå til.
– Eit skulebibliotek i Lindesnes har fått det utruleg bra til. Der les barna mykje av eigen lyst. Då går alt mykje betre for dei med skulearbeid også, seier Ramsdal.
Noko av midlane vil gå til å besøka skulebibliotek som har knekt koden.
– Det er nokon andre som har tenkt tankane før. Då tenker eg det er lurt å høyra på dei, seier ho.
– Det er viktig å bruka andres erfaringar. Og når me er ferdig vil andre kunne nytta vår erfaring, seier Thorkildsen.
Dei fortel at generelt les barn frå første til fjerde ein god del, men frå femte til sjuande stoppar det opp. Det synest dei er synd, mest av alt for barna. For lesing handlar ikkje berre om lesing.
– Skal ein bli flink til å setja ord på ting må ein øva seg. Ein får ikkje godt språk utan å trena, seier Thorkildsen.
Noko av bakgrunnen til at dei søkte om midlar var resultata på nasjonale prøvar. Då hadde Sveio kommune gjort nokre steg tilbake på lesenivå dei siste åra.
– Me vil finna metodar for å laga gode lesevanar, og få med lærarar og foreldre på laget, seier Ramsdal.
Sommarles
No som ferien er her håpar dei at mange vil følga «Sommarles», ein lesekampanje.
Ein familie som gjer det er Grinde Vikse, som var innom rett føre intervjuet.
– Me skal på tur med campingvogn i sommar, seier mamma Marie.
– Kvar da?
– Eg veit ikkje, me køyrar der det er bra ver, humrar ho og legg til
– Som oftast må me innom Bø først, seier ho.
– Og dokker skal ha med nokre bøker?
– Alltid bra med litt lesestoff med på tur. Og så er det jo Sommarles, seier Marie Grinde Vikse.
Saman med barna Kåre (12), Pia (10) og Morten (2) har ho funnet nokre bøker som ho lånar.
To bibliotekarar kjem smilande bort til barna og hentar fram ein boks. Barn som les ein viss mengde får nemleg velja forskjellege premiar. No får Kåre og Pia Grinde Vikse løn for lesinga.
– God ferie! Ropar Thorkildsen når familien ruslar ut frå biblioteket.
– Det der er Sommarles, seier Ramsdal med eit smil om munnen.
For dei to bibliotekarane har det vore ein veldig god start på sommaren. Dei har fått ressursar til noko dei finn samfunnskritisk.
– Det viktigaste du må læra deg i samfunnet er å lesa, for å vera ein borgar, seier Thorkildsen.
– Samfunnet er bygga opp på skrift og bruk av språk, seier Ramsdal.