nyhende

Frå radiomaster til akvakultur - detaljregulering i gang:

Jordskifteretten skal avklara vegrettar

Planprogrammet for detaljregulering av Sigurd Steen Aase sin næringseigedom på Tjernagel er ute til offentleg høyring. Samstundes arbeidar kommunen med å få tinglyst vegretten til området. Jordskifteretten er involvert.

Publisert Sist oppdatert

– Me meiner me jo at me har vegrett ut til sendarområdet som kommunen kjøpte av Norkring AS, seier kommunalsjef utvikling Kenneth Tollefsen.

Ein av grunneigarane deler dette synet og har gått med på tinglysing. Andre har så langt motsett seg tinglysing.

Kjent for kjøparane

– Dette var kjent før me selde til Aase sitt selskap. Kjøparane er dermed klar over problemet, forklarar Tollefsen.

Kommunen har bede om avklaring i  jordskifteretten, og Tollefsen håpar det kan skje i løpet av hausten. Ved Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett får Vestavind opplyst at det neppe skjer så snart. Saka er ikkje beramma, men estimert til første kvartal i 2025.

– Uavklarte spørsmål om vegrett får ingen konsekvensar for arbeidet med reguleringsplanen, seier Sarah Fagertun Eggereide ved ABO Plan & Arkitektur AS på Stord.

Det er dette firmaet som utfører reguleringsarbeidet. Opphavleg oppdragsgivar var Aase-selskapet Bifrost og Dekke AS. Det er seinare overført til det nystarta selskapet Nasjonalt senter for utvikling av nye maritime oppdrettsarter NUM AS, der Aase også er styreleiar.

Ute på høyring

Oppstart av reguleringsarbeidet blei annonsert i Vestavind 22. august med høyringsfrist 7. oktober. Eggereide seier ho ikkje har høyrt om diskusjon rundt vegretten før Vestavind tok kontakt. Ho reknar med at dette kan koma tilbakemeldingar om dette innan utløpet av høyringsfristen.

I tillegg til avisannonsa er naboar og grunneigarar varsla direkte om planprogrammet og oppstarten av reguleringsarbeidet. Mellom dei som allereie har gitt respons, er Statens vegvesen. Vegvesenet  meiner det må gjennomførast ei trafikkanalyse som viser trafikkauken på Sendarevegen og krysset med den fylkeskommunale Tjernagelvegen. I alt er planområdet på 213 mål, ifølge utlysinga.

Nybrott innan akvakultur

Sigurd Aase kjøpte 115 mål av det tidlegare sendarområdet i vår og signaliserte alt den gongen at han hadde ei eller anna form for havbruk i tankane. Dette blir konkretisert noko meir i planprogrammet. I tillegg til sjølve tomta vil reguleringsplanen omfatta areal i sjø og vegen frå krysset med Tjernagelvegen og fram til næringsområdet.

Sidan det er snakk om nybrottsarbeid innan akvakultur, ser Aase og selskapet hans for seg at det kan bli ein del forsknings- og utviklingsarbeid i tilknyting til sjølve produksjonen. Difor vil planane omfatta bygg med plass til hyblar for forskarar som periodevis vil vera i arbeid på staden.

Kai og hamn

Utbyggaren ønskjer å leggja til rette for kaianlegg og hamneområde, og vil også etablera solcelleanlegg «og/eller annan fornybar energi», som det heiter i oppstartdokumentet. Målet er at verksemda skal vera mest mogleg sjølvforsynt med energi. Aase si verksemd vil elles bli næraste nabo til solcelleparken som Haugaland Kraft-selskapet Endra har søkt om konsesjon for på nabotomta i nord.

Det landbaserte akvakulturanlegget vil ha behov for friskt sjøvatn som kan pumpast opp frå fjorden, og det må etablerast ei avløpsordning. Av planinitiativet som blei lagt fram i samband med oppstart av detaljreguleringa, går det fram at det kan vera aktuelt med oppdrett av det som blir kalla nye arter, gjerne fleire arter samstundes. Og det kan vera aktuelt med artar lengre nede i næringskjeden enn vanlege fiskeartar.

Vil rekonstruera

I samband med kjøp av tomta, fortalte Aase at han har planar om å byggja opp igjen landemerket Tjernagelshaugen, som blei fjerna i samband med bygginga av kortbølgesendaren tidleg på 1980-talet. Dette blir også nemnt i oppstartdokumentet.

Powered by Labrador CMS