nyhende

Jonsok var ei høgtid fullspekka med magi

Før i tida var jonsok blant dei viktigaste markeringane på kalenderen. Ifylgje folketradisjonen, kunne ein glytta inn i framtida denne dagen.

Publisert Sist oppdatert

Hald deg vaken

Jonsok: 24. juni. Er sett saman av namnet «Jon» og «-ok», ei forkorting for ordet vòke eller vake. På primstaven er det fleire slike vakehøgtider. Her eit ei lita handfull med nokre av dei.

Persok: 29. juni. Katolsk minnedag om Peter apostel. I Noreg forbatt ein tidlegare denne dagen med faste og fri frå arbeid.

Syftesok: 2. juli. Katolsk høgtidsdag om St. Svithun. Ulike stader i landet har ulike tradisjonar knytte til dagen. St. Svithun er vernehelgen for Stavanger.

Olsok: 29. juli. Ein minnedag, som har fått namn etter Heilag-Olav, om slaget på Stiklestad. Han er vernehelgen for Trondheim og Olavsspelet blir arrangert på staden kvart år. Ein brende bål denne dagen òg. Mange valfarta til såkalla lovekyrkjer og olavskjelder.

Larsok: 10. august. Ein katolsk festdag til minne om Laurentius, som leid martyrdøden i Roma. I Noreg forbatt ein tidlegare denne dagen med faste.

Til jonsok før i tida var det mykje magi i lufta. Men i dag er det antakelegvis eit fåtal av bønder som vekker plantene i åkeren til live igjen.

Herleik Baklid er fyrsteamanuensis og dr.philos. i kulturhistorie ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Han fortel at mange av tradisjonane frå mellomalderen har vart heilt inn i vår tid.

Mange ulike former for folkeskikkar- og tradisjonar knyter seg til høgtida.

Mannen bak høgtida

Jonsok er ein gammal tradisjon og har halde stand sidan mellomalderen.

– Ein har spreidde oppteikningar av markeringa av dagen frå mellomalderen, men ho er mellom anna nemnd i Frostatingslova frå 1200-talet. Der stod det at kvar bonde skulle ha øldrykkjelag til jonsok.

– Endinga på sjølve namnet jonsok betyr vòke. Det kjem av ein vakte heile natta før sjølve dagen. Markeringa starta altså allereie kvelden før, seier Baklid.

Fyrsteleddet i namnet kjem av Johannes døyparen, mannen som står bak at me i det heile teke feirar høgtida. Opphavleg var jonsok ei kyrkjehøgtid til minne om fødselsdagen hans.

– Denne feiringa fall etter kvart saman med solsnudagen. Jonsok er derfor ei slags samansmelting av både kyrkjeleg og folkeleg tradisjon.

Dra til Bloksberg!

Av dei jonsoktradisjonane me kjenner best i dag, har ein det kanskje mest sjølvsagde av alt, bålet. Frå 1800-talet av har me fleire tradisjonsnedteikningar som fortel om kor sentralt det var i feiringa, men båltenning kan fylgjast lengre tilbake i tid.

Det kan ha hatt fleire føremål ved seg.

– Éin ting er at det gjev varme til dei som vaka heile natta som gjerne var litt kjøligare enn på dagtid. Men ein trudde òg at det skulle verna mot vonde makter.

Jonsoknatta markerer ein overgangsfase i naturen, noko som hadde stor betyding for samfunnet før i tida.

– Når det var overgangstid i naturen, var dei vonde maktene ute på ferd, og heksene samla seg for å møtast med djevelen. Ein trudde helst at dei møttest mellom anna på Lyderhorn i Bergen eller på Bloksberg i Tyskland, seier Baklid.

– Derfor er det og vanleg nokon stadar å brenna ei heks på bålet, som ei symbolsk handling.

Til jonsok skulle ein plukka blomar av sju slag. Ifylgje segnene skulle ein drøyma om den framtidige ektemaken sin, om ein la dei under hovudputa.

Magiske blomar

Blomar har vore, og er framleis ein sentral del av feiringa.

– Folk pynta både utvendig og innvendig med blomekransar. Nokre pynta òg med lauv, seier Baklid.

Men ein sanka ikkje inn blomar berre for at det skulle sjå fint ut heime. Ein trudde òg at ein kunne få ein glytt inn i framtida.

– Ein kunne plukka sju ulike blomar, og dei skulle ein legga under hovudputa si. Når ein då gjekk for å legga seg til å sova, skulle ein drøyma om den ein skulle gifta seg med. Dette heng saman med magien i lufta denne dagen. På grunn av maktene som var ute og fór, trudde ein òg at det var mogleg å sjå inn i framtida.

Det var ikkje berre blomane som var viktige denne dagen. Også alminnelege planter blei samla inn.

– Ein sanka òg plantar til folkemedisinsk bruk. Jonsokdagen rekna ein med at dei var på sitt mest kraftfulle, og at det auka den magiske verknaden. For å få mest mogleg effekt, skulle ein gjera dette naken.

Helsebringande kjelder

Sjuke, så vel som funksjonsnedsette, valfarta til utvalde kyrkjer såkalla lovekyrkjer denne dagen. I lovekyrkjer kunne ein få både såra og sjukdommane sine lækte. Mellom anna Heggland og Nesland kyrkjer i Telemark hadde status som lovekyrkjer.

– Mange søkte òg til stavkyrkja i Røldal jonsokdagen. Over altaret heng eit krusifiks som tok til å sveitta under høgtida. Ein etter ein skulle ein under salmesong gå bort og turka av sveitten frå krusifikset og stryka det på såret ein hadde.

Fleire søkte òg til bestemde heilage kjelder. Ein trudde nemleg òg at vatnet var meir kraftfullt i overgangsfasen. Men dette var det ikkje alle som var like begeistra for.

Noreg var eit strengt religiøst samfunn på 1800-1900-talet. Og kyrkja og dei geistlege var ikkje særleg imponerte over desse «heidenske» tradisjonane.

– Lovekyrkjepraksisen tok ein brå slutt på rundt midten av 1800-talet. I mellomtida heldt dei andre folkelege tradisjonane fram. Presteskapet greidde ikkje å få bukt med folketradisjonen.

Jonsokmystikk

Brising er eit anna ord for bål. Nokre stader i landet tenner dei jonsokbrising, ikkje jonsokbål. Ifylgje nynorskordboka betyr det «logande eld» eller «bål».

Fleire stader i landet er det tradisjon for å arrangera jonsokbryllaup, der ein kler opp born i finstasen og gjennomfører ein liksomseremoni.

Jonsok skulle vera ein fridag. Ifylgje Baklid, fortel ei segn at ei gruppe menn omkom etter at dei fløytte tømmer denne dagen. Etter seiande var det ei straff for at dei ikkje lét arbeidet ligga.

Powered by Labrador CMS