nyhende

NRK-veteranen og kommentatoren Jon Herwig Carlsen er død. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
NRK-veteranen og kommentatoren Jon Herwig Carlsen er død.

Jon Herwig Carlsen er død

Jon Herwig Carlsen vart nesten ei ævemaskin i NRK-systemet. Søndag døydde den folkekjære sportskommentatoren, 84 år gammal.

Publisert Sist oppdatert
Etter 45 år som ivrig og utrøytteleg kommentator trekte Carlsen seg tilbake som 75-åring i 2012.

Den populære programleiaren og sportsreporteren byrja som trafikkmedarbeidar i NRK i 1967. I forkant hadde han utdanna seg til lærer og jobba nokre år i skuleverket. Som ung mann vart han noregsmeister både i ishockey og handball.

Carlsen var allsidig, og det breie interessefeltet fekk han utvikle ytterlegare etter at han kom inn i fjernsynet. Etter kvart vart det svært mange idrettar som fekk gleda av den merksemda sportsreporteren gav dei og formidla vidare til det norske folket.

Han var fast tilsett i NRK frå 1967 til 2007. Deretter hadde han ein frilansavtale med kanalen, slik at han heldt fram med å kommentere skiskyting heilt til 2012. I mange år danna han eit kjært og populært samarbeid med Kjell Kristian Rike i både langrenn og skiskyting.

Limerick-kongen

Ved sida av idrettar som langrenn, skiskyting, hopp og ishockey, kommenterte Asker-journalisten òg motorsport, segling, roing, sykling, ishockey og curling med stor innleving og fagkunnskap. Han var med i alle VM og OL, både sommar som vinter, frå tidleg på 1970-talet.

Herwig Carlsen utmerkte seg med friske og morosame kommentarar. Han hadde ein eigen stil, og fleire av sitata og uttrykka hans er udøyeleggjorde og blir brukte den dag i dag.

«Stafett er stafett», er ein gjengangar han brukte for å formidle at i denne øvinga kunne alt skje. Han var òg i kommentatorboksen då Oddvar Brå brekte staven i stafetten i ski-VM i Oslo i 1982. «La ham få en stav da, mann!» gjalla det frå Carlsen i NRK-boksen på Besserud. Utbrotet blir ikkje gløymt, ikkje stavbrotet heller.

Men det er opplesinga av limerickar han særleg blir hugsa for. Dette byrja han med rundt Lillehammer-OL i 1994. «Nordigarden», eit pseudonym for Per Nørgaard Sørensen, var leverandør av alle limerickane Carlsen formidla til folket. Han vart på mange måtar litt av ein limerick-konge, den kjende kommentatoren.

Sakna løna mest

Jon Herwig Carlsen er nok mest kjend for samarbeidet med Kjell Kristian Rike, men i 12 år sat han òg saman med Arne Scheie i kommentatorboksen for skihopp. Her utmerkte han seg ved å takke ja til eit kyss frå Scheie etter at Tommy Ingebrigtsen vart verdsmeister i 1995 i Thunder Bay.

Dei to kommentatorane var i ekstase då det gjekk opp for dei at VM-gullet var sikra med bakkerekord på kjøpet. «Får jeg kysse deg Jon», skreik Arne Scheie på direkten. «Ja, ja, kom igjen», svarte Herwig Carlsen i jubelrusen.

Etter at NRK-karrieren var over, innrømde Herwig Carlsen at han grudde seg litt for å slutte, men etter å ha vore pensjonist ei tid, innrømde han overfor Dagbladet at saknet av løna var verst. Reisinga og stresset rundt dei store arrangementa klarte han seg godt utan.

Han heldt fram som speaker for Asker på kampane på Føyka i nokre år etter at TV-kommenteringa var over. I tillegg dyrka han interessa for jazz, ishockey og Rotary.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS