nyhende

Ruben Goldmann framfor huset på Lid der han og familien budde gjennom storparten av andre verdskrigen.
Ruben Goldmann framfor huset på Lid der han og familien budde gjennom storparten av andre verdskrigen.

Jødar i Sveio blei berga frå gasskamra

– Tyskarane kom helst om nettene, gjerne i tre-firetida. Dei banka hardt på døra og brølte «heraus, heraus!» Alle i huset blei kommanderte ut. Same kor kaldt det var, måtte me stå ute på trappa i berre underklede medan soldatane gjennomsøkte huset og rota forferdeleg.

Publisert Sist oppdatert

Ruben Goldmann var berre fire år då andre verdskrigen tok slutt. Likevel sit minna om dei nattlege razziane som spikra i minnet. Resten av familien si dramatiske historie under krigen har han plukka opp seinare, frå ulike kjelder.

Bjarne Weichmann Goldmann med sonen Ruben. Foto utlånt av Ruben Goldmann

Det var faren tyskarane var ute etter. Bjarne Weichmann Goldmann (1910-1990) var nemleg jøde, og visste sjølv at han var i fare då nazistane invaderte landet. Difor tok han tidleg med seg familien og flytta frå Haugesund til Lid i Sveio. Lid var ikkje tilfeldig valt. Her hadde nemleg kona Borghild Mathilde – mor til Ruben og dei fire søskena hans – vakse opp som fosterdotter hjå Malene og Severin Solvoll.

– Når tyskarane ikkje tok oss borna, som også var av jødisk opphav,  skuldast det nok at dei brukte oss som agn for å lokka far heim. Hadde dei fått tak i han, hadde nok me gått med i dragsuget også, reflekterer 79-åringen i dag.

I Sveio budde dei fleire stader, mellom anna i andre høgda i huset til Jan Lid tvers over vegen for Borghild Mathilde sin barndomsheim. Etter krigen budde dei i mange år på Bråtveit.

Stor takk til hjelparane

75 år etter fredsslutninga er Ruben Goldmann full av takksemd til alle  sveibuane som hjelpe faren og familien med å overleva.

– Far heldt seg mykje ved sjøen. Han hadde vener på Fjon, Leirvik og Kvalvåg og  var mykje i lag med dei. Når tyske soldatar kom forbi, og det hende rett som det var, sykla venene rundt og varsla. Dermed fekk far tid til å gøyma seg.

Severin og Malene Solvoll utanfor heimen sin på Lid saman med Bjarne Weichmann Goldmann og Borghild Mathilde Goldmann. Den siste kjenner me ikkje identiteten til.

Bjarne Weichmann Goldmann var særleg mykje saman med Ingvald Leirvik og sonen hans, Einar. Han var med dei på fiske  og kasta etter makrell med landnot. Ruben Goldmann meiner tyskarane må ha fått nyss om dette, for fiskarane blei stoppa og kontrollerte gong etter gong.

Ein gong måtte Bjarne gøyma seg under nota. Soldatane brukte ein høygaffel eller liknade reiskap som dei stakk inn i nothaugen for å forsikra seg om at det ikkje var nokon under. Bjarne skal ha fått fleire  stikk i baken, men han gav ikkje lyd frå seg og blei ikkje oppdaga.

Dramatisk båttur til Stord

Ein annan gong var Bjarne med Einar Leirvik og kona hans til Stord, der motorbåten skulle til reparasjon. Tvers av Vikebygd blei dei borda av ein tysk vaktbåt. Bjarne skunda seg å  krypa under ei køye i lugaren forut. Dei andre drog ein stor  nothaug framfor, kona til Einar sette seg oppå med eit handarbeid og lest som ingenting.

– Dei skal ha halde seg rolege, men var sjølvsagt svært redde, fortel Erna Gulbrandsen, søster til Einar Leirvik.

Ho var  skulejente under krigen og hugsar broren og svigerinna sin dramatiske båttur til Stord. Denne hendinga fortalte ho også om i eit lesarinnlegg i Haugesunds Avis for nokre år sidan. Bjarne slapp med skrekken. Både han og venene hans kom trygt både til Stord og heim igjen.

Ruben Goldmann ved sjøen på Leirvik inst i Ålfjorden, der faren heldt seg mykje under krigen. I bakgrunnen sjøhuset som tilhøyrde den gode hjelparen Ingvald Leirvik.

– Ein annan gong måtte Bjarne gøyma seg i høyet då tyskarane kom på besøk. Dei fann han ikkje den gongen heller, fortel Erna Gulbrandsen.

Flyktningar frå Polen

Josef Goldmann, bestefar til Ruben, blei fødd inn i ei stor jødisk slekt i Polen på slutten av 1850-åra. Saman med fleire slektningar kom han til Noreg som flyktning og søkte asyl i  Hammerfest rundt 1880.

Sjølv om jødeparagrafen då var oppheva mange år tidlegare, hadde Goldmann-jødane store problem med å få opphaldsløyve her i landet. Ruben meiner bestefaren slapp gjennom nålauget på grunn av yrket sitt. Han var nemleg urmakar, og det hadde dei ikkje i Hammerfest på den tida.

Josef Goldmann var truande jøde heile livet. I Hammerfest gifta han seg med Charlotte Weichmann. Saman fekk dei 13 barn, men fleire av dei døydde som småbarn. Charlotte var gravid med den yngste då Josef brått døydde i 1912.

Fekk dei yngste barna døypte

Charlotte hadde ikkje jødisk bakgrunn. Ho hadde eit meir pragmatisk forhold til religion. Då jødehatet blussa opp og nazistane fekk makt, drog ho til Oslo og fekk dei yngste barna døypte for å lausriva dei frå den jødiske identiteten.

Bjarne Weichmann Goldmann driv isfiske på Ålfjorden ein gong etter krigen. Han snakka sjølv lite om hendingane under krigen, fortel sonen Ruben Goldmann.

Heller ikkje Bjarne Weichmann Goldmann følgde i faren sine fotspor som truande jøde.

– Han var erklært ateist, fortel Ruben.

Sjølv var også han svært kritisk til religion og særleg til kristne i ungdomsåra.

– Eg meinte dei kristne hadde ansvaret for masseutryddinga av jødar, seier han.

Nå har dette endra seg. I dag er Ruben Goldmann aktiv kristen.

Under krigen

Bjarne Weichmann Goldmann var ikkje den einaste i famlien som kom i tyskarane sitt søkelys. Fleire av brørne blei etter  kvart arresterte, men blei berga frå deportasjon og gasskammer rett og slett fordi krigen tok slutt.

På lista over 767 norske jødar som blei deporterte til Auschwitz og andre tyske konsentrasjonsleirar, finn me berre ein med etternamnet Goldmann. Isak Meyer Goldmann budde også i Hammerfest. Han dreiv klesforretning og gjekk under namnet «klesjøden».

– Det var onkelen min og den einaste av dei norske slektningane mine som nazistane greidde å ta livet av, fortel Ruben Goldmann.

«Klesjøden» var blant dei som blei sende frå Oslo med fangeskipet «Donau» 26. november 1942.  Han blei gassa i hel i Auschwitz 1. desember same året.

Måtte evakuera

Då tyskarane brende Finnmark, måtte også bestemor Charlotte evakuera. Ho og dei tre yngste døtrene kom då til Sveio og budde saman med Ruben sin familie på Lid til krigen var slutt.

– Ingen av dei drog nordover igjen. Dei tre tantene mine blei gifte og busette seg ulike stader i Sør-Noreg, men ingen av dei i Sveio, fortel Ruben.

Sjølv  flytta han frå Sveio då han drog til sjøs som 15-åring. Han har i alle år seinare budd i Haugesund, men har gjennom åra hatt ein del kontakt med dei han vaks opp saman med på Lid og Bråtveit.

Powered by Labrador CMS