I 2020 kom Arbeidstilsynet med krav til bruk av setebelte i traktor i arbeid. Unnataket er situasjonar der førar må ofte ut og inn av traktoren, og situasjonar der belte aukar risikoen for skade.
No arbeider Statens vegvesen med eit strengare krav til belte, som i praksis betyr at belte må brukast til kvar tid – uansett omstende, skriv NRK.
Fire personar omkom og over 150 personar vart skadde i traktorulukker i 2020 og 2021.
Jogeir Agjeld er prosjektleiar i Norsk Landbruksrådgivning og meiner kravet er fornuftig.
– Belte er ei enkel og veldig effektiv sikring, som årleg kan berge liv, seier Agjeld til NRK.
Likevel har fleirtalet av dødsulukkene, der belte ville hatt ein effekt, skjedd utanfor landbruket, ifølgje Agjeld.
Over 300.000 traktorar var registrerte i Noreg i mars. I fjor var det 38.000 bønder. Typiske situasjonar er vedarbeid, snøbrøyting og fritidskøyring.
(©NPK)