nyhende
Jesper (12) frå Bømlo mista livet i småbåtulykke
Det var 12 år gamle Jesper Johannessen Hollund frå Bømlo som mista livet i ei småtbåtulykke like utanfor Kråkeneset i Bømlo kommune torsdag 21. juli. Det melder Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding fredag.
Namnet er frigitt i samråd med dei pårørande.
Ulykka skjedde i samband med eit samanstøt med ein stake i sjøen. Det vart forsøkt hjarte- og lungeredning, men livet sto diverre ikkje til å redda.
Familien har gitt uttrykk for at dei set pris på innsatsen som vart gjort av frivillige på staden og mannskap frå naudetatane.
— Familien har bede politiet om å vidareformidle at dei ønskjer at folk held fram med å kose seg på sjøen på ein trygg måte, på tross av den tragiske ulykka, seier Nils Blikra som er pårørandekontakt og avsnittsleiar for førebyggande ved Stord politistasjon.