nyhende

No kan jegerprøven gjennomførast ved hjelp av ein ny app. Foto: Miljødirektoratet
No kan jegerprøven gjennomførast ved hjelp av ein ny app.

Jegerprøve-eksamen i ein app

Etter 10 år med elektronisk jegerprøveeksamen, skal deltakarane no gjennomføre eksamen i den nye appen Jegerprøveeksamen.

Publisert Sist oppdatert
NPK: – Med den nye appen blir det endå enklare for kommunane å arrangere jegerprøveeksamen, som sikrar at dei nye jegerane har fått opplæringa dei treng for å kunne jakte på ein sikker og human måte. I tillegg blir det enklare for dei som skal ta eksamen, sidan alt dei treng ligg i appen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Jegerprøva består av eit obligatorisk kurs og ein elektronisk eksamen. I fjor var det 12.500 nye jegerar som stod på jegerprøveeksamen i her i landet.

Det er kommunane som arrangerer jegerprøveeksamen. Dei siste åra har det vore utfordrande for mange kommunar å gi tilgang til klasseromssett med PC-ar. Mange stader finst det ikkje kursrom eller datasalar lenger, og i skulen har dei fleste elevane eige nettbrett eller PC.

Med den nye appen vil deltakarane gjennomføre eksamen med sin eigen mobil eller nettbrett. Dermed blirt gjennomføringa enklare og meir effektivt for kommunane.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS