nyhende

Jamt bra tilsig til vallokalet

– Eg stemde litt annleis enn eg plar gjera, – men hamna på den retta sida, smiler Sigmund Skard. Meir vil han ikkje sei om den saka når han kjem ut frå vallokalet i Førde.

Publisert Sist oppdatert

– Planlegg du sein kveld for å få med deg valresultatet?

Kona Inger Johanne kjem han i forkjøpet.

– Sigmund er A-menneske, så det blir nok ikkje aktuelt å sitja oppe utover natta.

Inger Johanne vil ikkje fortelja kva parti ho stemde på, men avslørar at ho har stemd taktisk for første gong.

– Når me har kome i ein viss alder er det til nye ting som veg tyngre enn før, forklarar ho.

Som alltid

Ein annan valestrending som også er tidleg ute på valdagen, er Jostein Valen.

– I år har eg vore litt i tvil, men nå har eg bestemt meg. Det blir same parti som alltid.

Valen legg til at han er politisk engasjert, og reknar med å følgja med utover kvelden korleis avstemminga blir.

Jamt sig

Stemmestyret i Førde består av i alt fem personar, med leiar og nestleiar, Kristin Hovland og Espen Fosse, i spissen. Dei to hadde dagen før ordna ein del praktiske ting som måtte vera på plass før valkontoret kunne opnast måndag morgon klokka 9 presis.

– Me har hatt eit jamnt sig av folk dei første timane, men det store rushet kjem nok ikkje før i ettermiddag, seier Hovland.

Kristin Hovland ser til at det går rett for seg når folk skal stemma.
Powered by Labrador CMS