nyhende

Lars Vierdal (t..v.), Åshild Irene Lie, Erling Vallestad og Astrid Hovda registrerer og tar imot røystesetlar i soknehuset.FOTO: EINAR VESTVIK
Lars Vierdal (t..v.), Åshild Irene Lie, Erling Vallestad og Astrid Hovda registrerer og tar imot røystesetlar i soknehuset.

Jamn straum av veljarar

Dei første sveibuane som ville seia si mening om fylkestilknyting, møtte fram til røystelokalet i soknehuset ein halvtime før dørene opna. I løpet av den første time var ein jamn straum av veljarar innom og putta sin røystesetel ii urna.

Publisert Sist oppdatert
—  Eg stemte Vestland, seier Anne Sofie Velde.
Ho meiner sveibuane har hatt det bra som innbyggjarar i Vestland fylke, og trur det vil halda fram slik.
— Eg kan ikke sjå at fylkesgrensa har vore til hinder for ungdommar som vil gå på vidaregåande skule i Rogaland, seier ho vidare.
Velde meiner heile folkeavrøystinga er unødvendig og er kritisk til at kommunen brukar pengar på dette. Ho har merka ei viss splitting i befolkninga som ho meiner minner litt om skullstriden i fjor.
—  Eg trur det blir fleirtal for Vestland. I alle fall håpar eg det, seier ho.

Anne Sofie Velde.

Stemte for Rogaland

Willy Mardal er av ei anna oppfatning.
— Eg stemte Rogaland, seier han på veg ut av røystelokalet.
Mardal fortel av han sjølv er fødd og oppvaksen i Rogaland, og kjenner tilknyting den vegen. Dei viktigaste grunnane hans for å stemma for Roglaland er elles å sikra  tilgangen til det vidaregåande skuletilbodet i Rogaland og håp om betre busstilbud sørover mot Haugesund.
Også når det gjeld helse meiner han det er ein fordel om Sveio blir ein rogalandskommuner, sjøl om Helse Fonna er representert på beggesider av fylkesgrensa.
Til ein viss grad er nok innbyggjarane splitta i dette spørsmålet, og han forstår at situasjonenkan opplevast annleis for dei som bur nord i kommunen.
Mardal seier han er svært spent på resultatet. Elles synest han det har vore lite informasjon å få om fordelane og ulempene ved dei to alternativa. Han har ikkje deltatt på nokon av informasjonsmøta i forkant av folkeavrøystinga.

Bestemte seg i siste liten

Tor Ingolf Hunspedt bestemte seg i siste liten for å  bruka røysteretten sin og delta i folkeavrøystinga. Han vil ikkje fortelja kva fylke han kryssa av for, men seier han er svært spent på resultatet.
Hunsbedt trur ikkje fylkesspørsmålet vil splitta sveibuen i særleg grad.
Geir Aase var den første sveibuen som putta røystesetelen sin i urna i røystelokalet på soknehuset. Sidan han var heime og hadde tid, tenkte han det var greit å få valet unnagjort.
Aase vil ikke seia kva fylke han stemte på, men seier han gjekk for det alternativet han meiner er mest framtidsretta.
Tor Ingolf Hunspedt.
Ein av dei første som stemte i Sveio sentrum var Geir Aase.
Powered by Labrador CMS