nyhende

– Me skulle sjølvsagt unngått å havna i denne situasjonen, men no er det vår tur til å bli skrive inn i historiebøkene, seier kommunikasjonssjef og valansvarleg Therese Evensen.
– Me skulle sjølvsagt unngått å havna i denne situasjonen, men no er det vår tur til å bli skrive inn i historiebøkene, seier kommunikasjonssjef og valansvarleg Therese Evensen.

Jaktar på mossingar over heile landet til omval

Alle stemmeberettiga mossingar må stemma på nytt til fylkestingsvalget i Østfold – sjølv om dei bur utanbys. Sveio kommune er klar til å ta imot stemmer.

Publisert Sist oppdatert

I Moss kommune blei valet til fylkestinget erklært ugyldig, og det blei bestemt at det skulle haldast omvalg. No ber Moss kommune alle aviser i landet om hjelp til å varsla eventuelle mossingar om at dei må stemma. Omvalet er historisk i norsk samanheng.

– Det er ganske nøyaktig 40 år sidan det skjedde sist. Me skulle sjølvsagt unngått å havna i denne situasjonen, men no er det vår tur til å bli skrivne inn i historiebøkene, seier kommunikasjonssjef og valansvarleg Therese Evensen i Moss kommune.

Stemmesetlar mangla

Det som skjedde, var at stemmesetlane til eitt parti ikkje blei sett ut i eitt av stemmelokala i Moss delar av valdagen. Marginane etter oppteljina var så små at Kommunal- og distriktsdepartementet bestemte at det skulle haldast nytt val til fylkestinget.

Valdagen er 27. november, men alle som studerer utanbys, jobbar ein annan stad i ein periode, eller berre er på ferie i forhåndsstemmeperioden, kan stemma der dei er.

Om du vil stemma utanbys, må du ta kontakt med kommunen du bur eller oppheld deg, slik at dei kan legga til rette for at du skal få stemt i perioden 13. november til og med 24. november.

Førehandsval i opningstida

– Me er som alle andre kommunar i landet varsla om omvalet, og har alt klart om om det kjem nokon til oss. Dei som vil stemma i Sveio, må gjera den i vanlege opningstida til kommunehuset klokka 08.00 til 15.30, seier Bjarte Storli Stølås, valansvarleg i Sveio kommune.

Frå 1. januar 2024 blir Viken fylkeskommune oppheva, og Østfold skal igjen bli eige fylke. Men først må altså det nye fylkestinget på plass.

Her finn mossingar meir informasjon om omvalet.

Powered by Labrador CMS