nyhende

Vogntog på ha hjelp i Bømlafjordtunnelen. Foto: Irene Flatnes Haldin
Vogntog på ha hjelp i Bømlafjordtunnelen.

Isopor stengde tunnelen

Bømlafjordtunnelen var stengt ein kortare periode onsdag ettermiddag medan vegbana blei rydda.

Publisert Sist oppdatert

Ved 18-tida fekk politiet melding om at isoporplater låg strøydd i vegbana inne i tunnelen. Dette førte først til at fartsgrensa i tunnelen blei sett ned. Deretter blei tunnelen stengt medan oppryddingsarbeidet gjekk føre seg. Dette førte naturleg nok til opphoping av bilar både på Sveio- og Stord-sida.

– Me veit enno ikkje kor isoporplatene stammar frå og kven som har mista dei, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon Herman Emil Eileraas til Vestavind.

Powered by Labrador CMS