nyhende
Iskald trend: Éin av fem unge vil isbade i vinter
15 prosent av unge mellom 15 og 24 år planlegg å isbade denne vinteren, medan 5 prosent allereie har teke seg ein iskald dukkert.
Det viser ferske tal frå Ipsos på bestilling frå organisasjonen Norsk Friluftsliv.
Generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Bente Lier, har inntrykk av at isbading har vorte meir populært det siste året.
– Det at dette har vorte populært kan nok knytast til tida vi er inne i, som gjer at ein kan få behov for å prøve nye aktivitetar og utfordre seg sjølv på nye måtar, seier Lier, som trur dette er ein trend vi vil sjå meir av.
Det er særleg kvinner og folk i Nord-Noreg som kastar seg på badetrenden, ifølgje undersøkinga. 7 prosent av kvinner seier at dei har isbada i vinter, medan delen er 4 prosent blant menn.
Så mange svarer at dei har isbada i vinter fordelt på landsdel:
* 8 prosent i Nord-Noreg.
* 2 prosent i Midt-Noreg.
* 6 prosent på Vestlandet.
* 5 prosent i Oslo.
* 4 prosent på resten av Austlandet.
Det er førebels uklart kva helsegevinstar isbading har. Forskar ved UiT – Noregs arktiske universitet, Maja-Lisa Løchen, har tidlegare sagt til Forskning.no at meistringskjensle er eit opplagt element ved å kaste seg i iskaldt vatn, og at det kan bidra til auka livskvalitet.
(©NPK)