nyhende

NPK
Nigardsbreen i Luster er ein arm av Jostedalsbreen.

Isbreen: Ei historie om fortid, notid og framtid

Isbreane våre ser alltid idylliske ut når dei blir avbilda. Verkelegheita er annleis – for det er langt meir ruskevêr på breane enn i resten av landet.

Publisert Sist oppdatert
– Eg vil ha heile folket som målgruppe og ønskjer å vise dei mangfaldet i breen, seier forfattar, breførar og geolog Thorbjørn Kaland til Nynorsk pressekontor.

I samband med at det i år er 200 år sidan ein for første gong oppdaga at jorda har hatt istider, har han skrive boka «Spor i is». Bokideen har han bore på ei stund og meinte at jubileet var eit godt høve til å setje han ut i livet.

– Vi var fleire geologar som ønskte å markere jubileet på ein eller annan måte. I tillegg til boka mi blir det arrangert ekskursjonar og fleire seminar og det vil òg bli publisert fleire artiklar om istider, seier han.

Eit land av brear

Isbreane i Noreg er ikkje restar etter siste istid, men nyetablerte iskapper i kuldeperiodane dei siste fem tusen åra.

– Vekst og fall for breen lokalt heng også saman med nedbørsmengde og temperatur om sommaren. Snøen som ligg att etter ein sommar vil etter om lag åtte til ti år bli heilt nedbroten og endar opp som heil is, seier geolog Kaland.

Når ein brefront smeltar tilbake eller går fram heng dette saman med snøfall som skjedde for fleire år sidan.

– Korleis vinteren i år har vore vil vise at på breane om 20 til 40 år. Viss bretunga veks litt fram eitt år så er det på grunn av veldig store snøfall for fleire tiår sidan.

Ser ein på utviklinga av storleiken til dei ulike breane over tid er det likevel eit tydeleg mønster:

– Breane krympar. Viss snittemperaturen held fram med å auke vil meir av isen smelte vekk. Global oppvarming er ein stor trussel mot breane, seier geologen.

Han fortel vidare at landskapet vil sjå ganske annleis ut om breane forsvinn.

– Breisen som ligg inne ved nokre av bygdene er inntil 600 meter tjukk. Nye dalar og fjell vil komme fram i dagen om dei breane forsvinn.

Betydninga av nedbør

Om ein studerer Noregskartet kan det sjå ut som breane i Noreg er vilkårleg plasserte. Men det er langt frå tilfeldig at isbreane våre ligg der dei gjer.

– På sett og vis kan det virke merkeleg at mange av breane våre ligg ved kysten og ved fjordane våre – sidan dei varmar opp og gir oss eit mildt klima. Grunnen til at alle dei største breane ligg nær sjø er nedbør. Det er 5000 millimeter nedbør på Folgefonna og på Jostedalsbreen i året. Til samanlikning er det 1000 millimeter i Oslo og 2000 millimeter i Bergen, fortel Kaland.

Breane i seg sjølv tiltrekker seg nedbørstunge skyer.

– Viss ein ser på bileta av brear er dei alltid avbilda i fint vêr. Det er lureri. For det snør og regnar mykje meir på breane enn i resten av landet.

Mykje nedbør gjer at meir snø blir liggjande i desse områda over sommaren. Det er eit vesentleg moment når ein bre blir til.

– Det er snøen som ikkje smeltar vekk om sommaren som på sikt dannar ein bre. Den snøen som blir liggjande og får eit nytt lag neste vinter og slik blir breen bygd opp lag for lag, seier Kaland.

Kulturhistorisk viktig

Det er ei rik kulturhistorie knytt til norske brear.

– Jostedalsbreen blei første gong kryssa av fjellpioneren og overrettssakføraren Kristian Bing. Same dag gjorde den britiske fjellklatraren William Cecil Slingsby det same, men motsett veg. Det var altså to som kryssa breen same dag og trudde dei var dei første til å gjere det, fortel Kaland.

Han meiner forteljingane om bre-pionerane kan vere med å skape interesse for breane i moderne tid.

– Historiene om dei som oppdag og spreidde gleda av å gå i fjella og på breane for 150- 200 år sidan er utruleg spennande. Det dei opplevde vil eg gjerne dele med folk.

Ut på bretur

Thorbjørn Kaland, som også er breførar, oppmodar lesarane til å komme seg ut og oppleve breen på nært hald.

– Nordmenn er kanskje det folket i verda som går mest på tur. Kjem ein litt opp i høgfjellet kan ein ikkje unngå å sjå dei kvite flekkane og breen. Eg ønskjer å pirre nysgjerrigheita til å komme nærare inn på breen, fortel han.

Det er likevel ikkje heilt ufarleg å legge ut på brevandring. Ei personleg historie frå forfattaren sjølv understrekar viktigheita av å behandle naturkreftene med respekt.

– Eg diskuterte lenge med forlaget om kor personleg eg skulle vere. Det har blitt veldig vanleg å legge inn personlege betraktningar i sakprosabøker. På den siste breturen min blei det dramatisk. Eg datt og knakk foten. Eg som presenterer meg som breførar og ekspert ramlar og bryt foten. Eigentleg burde eg halde kjeft om det men det er eit godt bilete på at breen ikkje er heilt ufarleg. Det er ikkje eit dansegolv.

– No har eg har trent meg opp att og er klar for nye opplevingar, seier Thorbjørn Kaland lattermildt.

Powered by Labrador CMS