nyhende

Einstadbøvoll helselag og desse blide damene (f.v.), Astrid Sveen, Inger Bente Nilsen og Torun Valen Frøkedal, inviterer til Syng med oss-treff på omsorgssenteret. FOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK
Einstadbøvoll helselag og desse blide damene (f.v.), Astrid Sveen, Inger Bente Nilsen og Torun Valen Frøkedal, inviterer til Syng med oss-treff på omsorgssenteret.

Inviterer til Syng med oss-treff for personar med demens og pårørande

Song når fram til dei fleste personar med demens, og det er song og musikk Einstadbøvoll helselag inviterer til på Sveio omsorgssenter (SOS) fredag 2. juni. Målgruppa er dei som bur heime og deira pårørande og vener.

Publisert Sist oppdatert

Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen er ein frivillig humanitær organisasjon med 450 helselag og demensforeiningar over heile landet.
  • Organisasjonen sitt mål er å fremma folkehelse og finansiera forskning på hjarte- og karsykdommer og demens.
  • Organisasjonen er interesseorganisasjon for personar med demens og deira pårørande.

Meir informasjon om demens finn du her.

Serien «Demenskoret» på NRK både traff og rørte mange. Det skal ikkje dannast eit demenskor på SOS 2. juni, men det skal syngast. Og etast, drikkast kaffi og pratast. Prikken over i-en blir utlån av hattar til alle som vil ha. Eller du kan ta med deg din favoritthatt.

— Det brukar å bli skikkeleg god stemning når hattane kjem fram. Me kjem til å ha med oss eit godt utval, så det blir hattar til alle som vil låna, seier trekløveret frå helselaget, Inger Bente Nilsen (leiar), Astrid Sveen og Torun Valen Frøkedal.

Heimebuande demente

Syng med oss-treffet er gratis. Pengane som blir brukt er frå innsamla midlar til Nasjonalforeningen for folkehelsen, og det blir som å gi tilbake litt av dei mange kronene helselaget har samla inn opp gjennom åra.

— 2. juni vil me gjera litt ekstra for heimebuande personar med demens i heile Sveio, deira pårørande, vener og andre som har lyst til å vera med. Vener er viktig. Er du ven til nokon som nettopp har fått demensdiagnose, ta han eller henne med deg til Syng med oss-treffet, oppfordrar Valen Frøkedal.

Ansvaret for allsongen har Elin Hetlesæter. Ho spelar til både på piano og gitar, og det blir laga songhefter til allsongen.

Einstadbøvoll helselag held til i Valevåg, men alle i Sveio er velkomne til aktivitetane deira. Som torsdagklubben med trim, komlemiddag, helsestien i Valevåg, Hjartemarasjen, ulike kurs og andre kjekke ting. Dei er flinke til å oppdatera Facebooksida si, så der finn du det meste av informasjon.

Aktivitetsvener

På Syng med oss-treffet vil det også vera ein del aktivitetsvener. Dei har gått kurs gjennom Nasjonalforeningen. Dei fleste under aktivitetsveka knytt til Demensaksjonen då Nasjonalforeningen hadde TV-aksjonen i 2015, men du kan også ta kurs direkte.

— Å vera aktivitetsven er veldig givande. Ein treng ikkje kunna mykje om demens på førehand. Det får du opplæring i på kurset. Ta kontakt med oss om dette er noko du har lyst til, eller du kan gå inn på nettsida til Nasjonalforeningen og sjekka sjølv, seier Nilsen.

Powered by Labrador CMS